Sidemeny+

M/S ATLØY FRÅ RUTE TIL CHARTER

Posted on 20. mai 2008 by in Arbeidsliv

Foto: Lars Grepstadcbn

M/S Atløy på veg mot Bulandet. Foto: Lars Grepstad

I Florø finn ein eit levande engasjement når det gjeld båt og båtliv. Frå Strandgata kan ein sjå ei perle av ein veteranbåt med landligge på Kolkaia. Dette er M/S Atløy – ein «Fjordabåt» frå 1931. Det er den einaste veteran-rutebåten i Sogn og Fjordane som er teken vare på i tilnærma opphavleg stand.

Plassering i kart

HISTORIKK I KORTE TREKK FRÅ 1931 – 1974
M/S Atløy blei bygd hos Bergens Mekaniske Verksted i 1931, og vart då overlevert til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF). Båten vart bygd som eit laste- og passasjerfartøy av jern. M/S Atløy var sertifisert for 120 passasjerar. I teneste hos FSF kan ein i all enkelheit seie at rutenettet til M/S Atløy strakte seg langs kysten og inn i fjordane av Hordaland og Sogn og Fjordane. Frå Bergen i sør til Selje i nord. I tillegg til å gå i rutefart har M/S Atløy og blitt brukt i turisttrafikk sommarstid gjennom åra. Båten vart modernisert og opprusta i 1963. Dei siste åra M/S Atløy var i teneste gjekk båten i mjølkerute mellom Florø og Førdefjorden. M/S Atløy vart kjøpt av private eigarar på Sunnmøre i 1974. Båten fekk då namnet Latøy og skutesidene vart måla blå.

ANDELSLAGET A/L ATLØY
Andelslaget er eigar av M/S Atløy. Andelslaget Atløy består av veteranbåt entusiastar innan kommunar, fylkeskommune, bedrifter, bankar og privatpersonar frå heile fylket. Andelslaget kjøpte M/S Atløy til Solund i 1981. Intensjonen med kjøpet var at ein dugnadsgjeng skulle setje båten i stand. I 1983 blei båten flytta til Florø. Den opphavlege dugnadsgjengen innsåg etterkvart at dei hadde teke seg «vatn over hovudet» og gav roret til foreininga Atløys Venner.

ATLØYS VENNER
Våren 1995 overtok Atløys Venner restaureringsarbeidet og drifta av båten. Dei samarbeider med Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Atløys Venner har fått økonomisk støtte frå Riksantikvaren og Fylkeskommunen. Frå å overta ein båt i svært dårleg forfatning og med manglande passasjersertifikat, er båten i dag i forholdsvis god stand. Sommaren 2000 deltok M/S Atløy på Nordsteam i Bergen. Skipskontrollen hadde då godkjent båten og den fekk passasjersertifikat for 60 passasjerar. Etter den tid har det berre gått framover med restaureringsarbeidet. Dette takka vere lange verkstadsopphald på Rubbestadneset, i Dåfjorden og ved Hardanger Fartøyvernsenter, og tusenvis av dugnadstimar. Det neste store restaureringsprosjektet vert å setje aktersalongen tilbake til opphavleg stand. Dette er tenkt gjennomført vinteren 2008/2009.

FJORDAFERD
Sidan hausten 2001 har M/S Atløy delteke i Fjordaferd. Fjordaferda byggjer på gamle tradisjonar som ligg fleire hundre år tilbake i tid. Fisk av ymse slag og sjømat frå øyane ikring Florø vert lasta om bord i M/S Atløy. Ferda går innover Sognefjorden med landkjenning ulike stader og med endestopp i Lærdal. Folk får høve til å kjøpe eller byte til seg varer. På heimoverveg hadde M/S Atløy med seg ved, Lærdalspoteter, grønsaker og frukt attende til Florø. Hausten 2007 hadde M/S Atløy 47 stopp på Fjordaferda.

M/S ATLØY TIL GØTEBORG
Deltakinga på Nordsteam 2007 til Gøteborg, er den siste store turen M/S Atløy har vore med på. Dette var fyrste gong i båten si historie at den har hatt fersk vatn under kjølen. Trur på ingen måte at båten har lidd under det. Heller at motivasjonen til dugnadsgjengen vart forsterka. Og nye venskap og kontaktnett vart knytt. Mannskapet og familemedlemmar av mannskapet fekk ein uforgløymeleg og opplevingsrik tur saman med andre veteranbåt entusiastar. Med på ferda var og veteranbåtane Oster, Granvin og Børøysund.

M/S ATLØY – EIT KULTURMINNE I DRIFT
Det er ikkje berre restaureringa av M/S Atløy som er avgjerande for drifta. Vel så viktig er den dugnadstida som vert brukt på turar båten gjer mellom alle hammarslaga. M/S Atløy er fullbooka med ulike oppdrag store delar av sommar halvåret. Atløys Venner sin kongstanke om at dei har pålagt seg sjølv å drive båten og halde båten i den stand og i den form båten fortener, er heilt avgjerande for at ein kulturskatt som M/S Atløy representerer ikkje går tapt. Ein kan fornemme eit sus over båten som set ein attende til svunnen tid. Ei kjensle som er viktig at framtidas generasjonar og skal få høve til å oppleve. For å komme i mål med dette, er det av stor betydning at det kjem nytt og yngre blod inn i dugnadsgjengen til Atløys Venner

CC BY-NC 4.0 M/S ATLØY FRÅ RUTE TIL CHARTER av Solveig Elin Løken er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Solveig Elin Løken 2008
Kjelder: M/S "ATLØY" Historia om ein fjordabåt Av Magnus Helge Torvanger og Trond Strømgren Selja Forlag2001 Leif Kvalvik, Leiar i Atløys Venner.
Kommune: Florø