Sidemeny+

MORO I EIKEFJORD FOR STORE OG SMÅ

Posted on 21. mai 2008 by in Pedagogikk, Ymse

Inst inne i fjorden mellom høge fjell ligg den fagre bygda Eikefjord. Ei livlig lita bygd med patriotiske og engasjerte innbyggjarar. Dei lever etter slagordet; «Vi kan, vi vil og vi får det til». Ein gong i året stiller dei fleste i bygda opp til dugnad med eit mål; å setje bygda på kartet. Då arrangerer dei Eikefjorddagane, ei weekend fullspekka med arrangement for både stor og små.

Plassering i kart

Historia
Det var i 2002 dei heile starta, ideen om å arrangere ei slik weekend blei skapt og satt på planen i årsmeldinga til bygda. Det var ei kolossal oppgåve for ei lita bygd, men lag og organisasjonar gjekk saman for å klare å gjennomføre planen. I august 2003 var Eikefjorddagane for første gang arrangert, etter månader med planlegging og dugnadsarbeid.

 

Programmet
Dagane blir kvart år arrangert i slutten av august. Då samlast eikefjordingane og tilreisande til ei helg med mykje moro. Opninga av dagane tar til allereie fredags ettermiddag. Då er det program på storscena i sentrum med blant anna korsong, talar og ulike innslag frå lokale heltar. Vidare kan ein nyte eit kakestykke eller to, baka av ildsjeler i bygda, på det stor gratis kakebordet. Ynskjer ein ei kunstnarisk oppleving kan ein ta turen innom Galleri E, Eikefjord sitt eige galleri, der det kvart år er ulike kunstnarar som stiller ut.

 

Artistar og lokale heltar
Fredagskvelden kan ein få seg ein rik kulturoppleving på kyrkjekonsert. Bygdakoret Koriander stiller då opp i lag med ulike artistar og gjev ei fin avsluttning på dagen med vakker song. Kjende musikarar som har spelt på kyrkjekonserten er blant anna Fabel, Håvard Lote og Steinar Karlsen. Ei stund etter kyrkjekonserten samlast bygdefolket til sosialt lag, gjerne med ein trubadur til å underhalde. Men når klokka slår tolv ved midnatt, vaknar galskapen i bygda, då dukkar ulike lokalheltar frå bygda opp og utfører eit stunt. Ein får då oppleve alt i frå magedans til palleløp, noko som er verdt å få med seg.

 

Mykje moro
Laurdagen og søndagen er det torgdag i Eikefjord-sentrum. Då er det buder med ulikt innhald som tilbyr sine varer. Der kan du få kjøpt alt i frå garsmat til smykke. Du finn også mange aktivitetar til barn, i sentrum denne dagen. Ein finn blant anna ei gardsdyr-oppleving med ulike dyr, som kyr, kalvar, sauer, hestar, kaniner osv. Dette er ei oppleving barna kan ta del i kvart år. Elles varierer aktivitetane frå år til år, i 2007 var det sirkus-skule, som var den store attraksjonen. Då kom det  tidlegare elevar frå sirkuslina ved Nordfjordeid-folkehøgskule og underviste barna.

 

Når roen senkar seg over bygda, etter ein hektisk laurdag med mykje aktivitet, leitar bygdefolket og tilreisande fram danseskoa og tar seg ein svingom til ut i dei seine nattetimar.

 

Gudsteneste i det fri er det første som står på programmet søndag. Dette er ei gudsteneste som kvart år blir arrangert på ulike plassar rundt omkring i bygda. Plassar som har vore nytta til dette er Rasteplassen, Hovlandstølen og Miljøstranda. Dagen forsett så i sentrum med omtrent same program som laurdag.

Eikefjord

CC BY-NC 4.0 MORO I EIKEFJORD FOR STORE OG SMÅ av Ida nerlid Holsen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ida Holsen, 2008
Kjelder: www.eikefjord.net
Kommune: Eikefjord