Sidemeny+

Monskverna

Posted on 13. mai 2008 by in Jordbruk

Foto: Aud Siril Fjærestadcbn

Dette er Monskverna i frå sida der vatnet rann inn

Monskverna har alltid tilhøyrd Monsgarden, no eig Jardar Bøtun kverna. Tidlegare sto ho på eit område som høyrde til garden. Rundt 1886 var det utskiftning i flatbygda, slik at no eig Monsgarden kverni, men ikkje området rundt.

Plassering i kart

Ei svært gammal kvern Jardar veit ikkje heilt kva tid kverna vart bygd, men kanskje på 1850 talet. Truleg var kverna i bruk før husa på Monsgarden vart flytta ned frå gamletunet på Høgheim. Kverna er lafta av furu. Den er den einaste av sitt slag att i Fresvik. Kverna blei brukt av Monsgarden, men sjølvsagt kunne det av og til også vera leigemaling. Sprenging Under krigen hadde ein ikkje lov å mala korn på kvernane. Men folk gjorde det likevel, men dei mol etter at det var mørkt om kveldane. På julaftan blei kvernsteinane i Bøtunkverna, Monskverna og Bruavollkverna sprengde med dynamitt og øydelagde slik at dei ikkje skulle kunna mala korn meir. Dei som sprengde hadde lagt dynamitt ned i holet på steinen så den øverste steinen vart øydelagd. Vedlikehald og reparasjonar Etter at kverni blei sprengd måtte dei ha ny kvernstein. Denne fekk dei i frå Liakverna. Ho sto litt lenger nede og var ikkje i bruk lenger. Bordtaket på kverna vart etter kvart blitt så dårleg att Jardar måtte byte det. Han brukte same type tak som før, men no i impregnert materiale. Heilt frå byrjinga har det kanskje vore torvtak på kverna.

CC BY-NC 4.0 Monskverna av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Solrun Bøtun, Anna Yi Xiang Bøtun, Jan Kvammen Feidje, 2008
Klassetrinn: 6
Kjelder: Jardar Bøtun
Kommune: Fresvik