Sidemeny+

Mellommenneskelege verdiar – inn hos ungdom

Posted on 21. mai 2008 by in Kunst og kultur

Ungdomsbedrifter – ein pedagogisk metode som gir ungdom i alderen 15 -20 år kunnskap og forståing for bedriftsetablering. For nokre har dette opna vegen for solidaritet og inkludering, for born og ungdom utanfor landegrensene, og for medelevar i eigne bedrifter

Plassering i kart

Forretningsideen

 

I Barn i Fokus UB sin forretningsideen låg blant anna innsamling av klede til fattige barn i Aust- Europa. For å få inn pengar til reisa, har dei blant anna arrangert barneselskap og barnepass. Målet vart nådd, med studietur til Latvia i april, der dei kunne dele ut innsamla klede. Ei grunnleggande og uvurderleg nyttig erfaring for ungdomane som går 2.året på vidaregåande for å bli barne- og ungdomsarbeidarar. Ungdommane har mange minnerike bilete herifrå.

 

Inkluderande arbeidsliv

 

Alle UB elevane på Øyrane vidaregåande har vore på kurs arrangerte av Ungt Entreprenørskap i samarbeid med NAV arbeidslivssenteret , for å lære meir om dei menneskelege ressursane i bedriftene, og korleis ivareta eit godt arbeidsmiljø.

 

Køyrereglar

 

Her har dei lært å lage seg køyrereglar for inkludering, som er kopla til bedrifta sine visjonar, verdiar og mål. Dei lærer å sette mål og lage rutinar for å redusere fråvær, samt å gje deltakara med redusert funksjonsevne ein moglegheit til å delta i bedrifta. Elevane deltok på 3 samlingar der det vart arbeidd med Inkluderande Arbeidsliv, korleis dei ynskjer å vere mot kvarandre, og rutine for korleis dei skal følgje opp når ein elev vert sjuk ( kva leiar og den tilsette i bedrifta må gjere). Elevane skulle også få forståing for korleis Inkluderande Arbeidsliv fungerar i praksis i ei bedrift ved å svare på oppgåver/spørsmål i samlingane.

 

Konkurransar

 

For dei som vil konkurrere, er det mange prisar å strekkje seg etter for ungdomsbedriftene, både på fylkesnivå, landsnivå og europeisk nivå. Så her er det berre å brette opp arma og jobbe seriøst.

 

 

CC BY-NC 4.0 Mellommenneskelege verdiar – inn hos ungdom av Nina Bygstad er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Nina Bygstad,2008
Kjelder: Øyrane vidaregåande Bilder frå Latvia; Hilde-Joveig Ellingsund
Kommune: Øyrane Vidaregåande