Måren, min barndoms frukthage
I Høyanger kommune, nærare bestemt på sørsida av Høyangerfjellet, ligg ei fortryllande perle som snart vert utsett for kommersiell drift. For snart tre år sidan vart det innvilga konsesjon for BBK til å byggje kraftverk i elva. Den elva som eg var med mormora mi og skylte klede i for berre nokre år sidan, og som gjer vatn til alle frukttrea som veks på Elveneset.
Plassering i kart
Ta turen
Lukk att auga og tenk deg at du skal ta ein ferjetur frå Nordeide til Måren i Sogn. Båten vil ta deg med til den mest solrike sida av Høyangerfjellet, kor det etter alle vèrmålingar er mykje mindre nedbør enn i resten av fylket, noko som igjen gjer Måren til den ytre grensa for fruktdyrking i Sogn. Denne plassen som berre er berre eit stjernestopp i rutetabellen til Fjord 1, har ressursar både på land og i vatn til å kunne tene penger uten store inngrep eller anleggstrafikk, sjølv om det er bratt og ulendt mange stader. Det rike biologiske mangfoldet er nok eit resultat av lite motordreven trafikk, gode vèrtilhøve og innbyggjarar som har verdsett den stille og urørde naturen.
Historie
I over førti år har Måren slete med kommunen si prioritering og innsparing. Dei håpa lenge på veg over fjellet til Høyanger, slik at det ville flytte litt fleire folk til dette paradiset, og bygda kunne få halde på skuletilbodet. I 1969 sende Nrk ein tv-serie der Måren vart filma gjennom alle dei fire årstidene. Då møtte sjåarane bygdefolk som både var framsynte og sjølvhjelpte, som dyrka frukt, bakte lefser for sal og hadde planar om skjeldyrking, dersom dei fekk støtte til veg. Vegen kom ikkje då det var folk der, men no når kraftverket skal byggjast vert det nok iverksett. Deira spådommar er no oppfylt. Bygda er fråflytta eller rett og slett på veg til å døy ut. I 1969 hadde skulen fem elevar, alle på ulike trinn. Ei stund seinare var det berre systrene til Ivar Orvedal som heldt skulen open.
Kunstnar som set fokus
Orvedal er vel den personen som no held mest liv i bygda med sine kunstneriske samlingar, kalla Mårenbiennalen, som vert halde her anna kvar sommar. Då samlast kunstanarar av ulike sjangrar til hyggeleg samver og fine opplevingar.
Orvedal nyttar og sjansen til å få fram bodskapen sin i Nrk sin programserie: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu TV-kanalen viste sist vinter eit TV-program frå Måren, der Ivar Orvedal og kona fortalde kva dei opplever er det beste med Måren, men og kva dei fryktar.
Elva sin verdi
Elva ved Elveneset har gjeve liv til bygda i frå gamal tid, og kan hende er det den som skal bli den nye næringsvegen i vårt millennium. Kraftverk har det vore før og, men i mykje mindre format enn det som no er planlagt.Elva kan gje kraft, men og kvilde. Den er roande å sovne til, men har gjeve kroppen mykje energi om morgonen. Elva bråkar i fossedraga, men markerer og stillheita. Den gjer liv til alt som lever, men kan og bli den som øydelegg mykje liv.
Kjentfolk med slekt frå Måren
Einar Førde, tidligare Nrk-sjef, stortingsrepresentant og Arbeiderpartipolitiker, var den som opna Mårenbiennalen i 2003, og var ein person som sette pris på denne vesle bygda. Han hadde og tilknytning til Elveneset, då det var slekta hans som budde der. I dag er husa diverre berre til feriebruk, med fare for å bli ofra for energiproduksjon.
Måren, min barndoms frukthage av Wenche Iren Brandsøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.