Sidemeny+

Måløy under tysk okkupasjon

Posted on 17. mai 2008 by in Historie, Krigsminne

Foto: Mary Ann Lødøenall-rights-reserved

Måløy torg i 2008

For dei lokale innbyggjarane i Måløy vart livet snudd på hovudet då tyskarane kom i 1940. Det var mange restriksjonar, og torgkaia vart avsperra med gjerde og piggtråd. Folk kunne ikkje ferdast fritt, og dersom Måløyværingane skulle ut av Måløy sentrum, måtte dei vise eit grensebuarbevis ved vaktpostane. Der var det også miner i veien, så ein måtte passe seg for kvar ein gjekk.

Plassering i kart

Mørke
Heime måtte folk ha blendingsgardiner på alle vindu. Dei måtte bruke teiknestiftar for å få det heilt tett, for tyskarane gjekk rundt å kontrollerte at alle gardinene var trekt for, og at ingen såg ut. Det var ikkje eit einaste gatelys som var på, så det var bekmørkt.

Rasjonering
Alle måtte ha rasjoneringskort på mat. Det var lite av alt, og varer som klær, sko og kaffi var ikkje å få tak i. Brødet var klissete, og smør og pålegg var vanskeleg å få tak i. Det var òg rasjonering på melk. Då måtte dei stå i kø på meieriet, og skrive inn i ei bok kor mykje melk dei fekk.

Skulegong
Ettersom tyskarane hadde okkupert skulen i Måløy, fekk ikkje ungane gå på skulen slik som vanleg. Nokre dagar var dei på bedehuset, andre dagar på Firda Canning. Lenge gjekk dei på skule i Holvika som ligg 3,5 km frå Måløy sentrum. 17.mai var forbode å feire. Det einaste var at lærarane organiserte litt songar på skulen, for dei måtte gå på skulen 17.mai.

Farleg langs kysten
Når båtane skulle ut, vart dei ofte kontrollert, og det var miner utanfor kysten, så dei som dreiv med fiske måtte vere svært forsiktige. Det var ikkje lys i fyrlyktene, så dei måtte vere godt kjend når dei gjekk ut og inn og skulle fiske. Fiskarane måtte seie ifrå til havnekapteinen når dei skulle komme inn og ut, og ofte vart dei kontrollert når dei kom igjen. Det kunne jo hende dei hadde med seg spionar og sabotørar ombord.

Portforbod
Etter Måløyraidet 27. desember 1941, var det unntakstilstand i Måløy. Då fekk ikkje folk lov til å gå ut mellom klokka 18.00-21.00, og folk levde svært spent heilt til krigen tok slutt 9.april 1945.

CC BY-NC 4.0 Måløy under tysk okkupasjon av Tonje Lødøen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Tonje Lødøen, 2008
Kjelder: Leif-Åge Larsen, Roar Lødøen
Kommune: Måløy