Landemerke eller skamplett?
På Ålaneset i Kvammen ligg båten «Prowess». No berre eit vrak på det idylliske neset midt i Førdefjorden. Etter å ha lege der i snart 60 år har han etterkvart blitt ein del av naturen og kystlinja. Kva båt var dette? Korleis enda han opp der, og kva meiner eigentleg lokalbefolkninga om båtvraket?
Plassering i kart
«Spikarbåten»
«Prowess» vart bygd i Portugal i 1943 av Det Britiske Admiralitet, og skulle nyttast som minesveipar for Royal Navy. Portugal var nøytrale i den andre verdskrigen, og nøytrale land hadde ikkje lov til å levere orlogsfartøy til krigførande partar. Difor vart han bygd som «fisketrålar». «Prowess» overlevde krigen og blei seld til Noreg. Der blei han ombygd til lastebåt. I 1948 kom båten frå Polen med spikar og sement til gjenreisinga av Nord-Noreg. Han kom ikkje lenger enn til Prestøya sør for Askvoll, der han grunnstøytte og sokk. Spikar var mangelvare den gongen, og det var dette som var hovudgrunnen til at «Prowess», 4 år seinare, blei heva og frakta til Kvammen. Der står han den dag i dag, og blir på folkemunne kalla «Spikarbåten».
Legendariske Olav Aalen
Mannen som på mirakuløst vis klarte å heve havaristen var Olav Aalen. Han var sjølv dykkar og fekk mellom anna hjelp av nokre lokale fiskarar. Saman klarte dei, med relativt enkelt utstyr, å heve båten. Han ville ha tak i spikrane og den gode maskina som var i båten. Olav var ein særs interessant mann. Han var både uredd, oppfinnsam og mangfaldig. I sin ungdom hadde han reist til Amerika, og innstillinga om at «nothing is impossible» hadde han nok med seg herifrå. Under første verdskrig kjøpte han ei fiskebu og begynte med sildesalting. Dette gav mange arbeidsplassar til bygda.
Oppfinnsam og idérik
Samstundes som han dreiv med salting gjorde Olav store pengar på brislingfiske i Førdefjorden. Han dreiv butikk ved kaia i Kvammen og prøvde seg til og med på privat bank- og postdrift der. Alt dette gjorde Olav til ein rik mann, og han gav mykje igjen til bygda. Likevel, er det han kanskje blei mest kjend for, oppfinninga av sidepropellen. Eit patent som han seinare blei bydd store pengar for. Men Olav ville gjere alt sjølv og hadde mange og store idéar. Problemet var at stadig nye påfunn, kombinert med mykje reising, gjorde at mykje blei halvferdig. Huset han bygde og «Prowess» er begge synlege døme på dette, og dei står i dag som ein slags symbol på historia til «gamle Aalen» og slik det gjekk med stordomstida i Kvammen.
To båtvrak
Det låg lenge to båtvrak i Kvamsvika. I tillegg til «Prowess» låg båten «Heimfjell» i fjæresteinane. I 1995 krevde fylkesmannen og politikarane i Askvoll kommune at båtvraka skulle bli fjerna. Då var det Olav si dotter, Alvhild, som var grunneigar. Ho blei truga med bøter dersom ho ikkje fekk dei vekk. Til lokalavisa Firdaposten sa ho at ho ikkje kunne forstå at båtane var til sjenanse for nokon. For henne hadde båtane personleg minneverdi, då dei var dei viktigaste minna ho hadde etter brørne sine. «Heimfjell» hadde frakta begge to over Nordsjøen til Shetland og seinare til England under krigen. Særleg det at yngstebroren Ove omkom til sjøs gjorde at båten var spesiell for ho.
Definert som avfall
Alvhild var opptatt av å ta vare på gamle ting. Ho ville at «Prowess» skulle bli ein museumsgjenstand til minne om krigen og dei som gjorde ein innsats der. Men meiningane hennar vart ikkje tatt omsyn til, og i eit brev frå fylkesmannen stod det mellom anna følgjande: «Ureiningslova set eit generelt forbod mot at avfall vert etterlete eller oppbevart slik at det kan vere skjemmande eller til skade for miljøet… Regelen presiserer at også større gjenstander som skipsvrak vert omfatta av forbodet». Alvhild hadde ikkje råd til å fjerne vraka, og kommunen fira etter kvart på krava. Nokre år seinare døydde Alvhild. «Heimfjell» blei til slutt fjerna, men «Prowess» står der framleis.
Delte meiningar
«Prowess» har lege på Ålaneset i snart 60 år. Lenge stod båten vassrett på kjølen, men orkanen i 1991 la den over på styrbord side. Alderen har sett sitt preg, og no veks det både bjørk og or på dekket. Mange var einige med politikarane som meinte vraket måtte fjernast. Dei ser på vraket som avfall og synest det skjemmer ut det idylliske neset. Andre igjen, ser på båten som eit landemerke og som ein berar av stolte minne. «Prowess» var ein gong ein vakker båt. Det er han ikkje no lenger. Men han fortel ei historie som nye generasjonar kanskje kan lære noko av. Det er noko vakkert i det og.
Landemerke eller skamplett? av Øyvind Leknes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.