Sidemeny+

Læringsressursar på nett – ei støtte for læring

Posted on 20. mai 2008 by in Pedagogikk

Eg vil her vise nokre praktiske døme på kva IKT kan hjelpe til med for å styrke barn si læring, og på integrering av dataprogramvare som styrkjande i eksisterande undervisningstilbod.

Plassering i kart

Utgangspunkt

 

I perioden 03.04.08 – 08.04.08 gjennomførte eg praksis i studiet IKT for lærarar, modul 2, på småskulesteget på eigen arbeidsplass, Steinhovden skule, som er fådelt. Målet for meg, var eigenutvikling m.o.t. kjennskap til nettbaserte læringsressursar, ut frå kravet i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, om at IKT som del av dei fem grunnleggjande dugleikane, skal integrerast i alle fag. Nedanfor presenterer eg nokre av dei representative ressursar eg fann fram til innan utvalde fag og emneområde. Fleire av ressursane kan prøvast ut under klikkbare hyperkoplingar. Dei andre let seg finne tak i ved søk på nettet. 

 

Matematikk

 

Automatisering av multiplikasjonstabellen er svært viktig, og lettaregjer seinare rekneprosessar der multiplikasjon er implisert. Dette gjeld både gonging med einsifra og fleirsifra faktorar, divisjon, utrekning av areal etc. I samband med at alle elevane dreiv med multiplikasjon i matematikk, og skulle ta gongesertifikat i 1 – 5 – gongen, fann eg desse nettressursane nyttige, aktuelle, motiverande og lærerike: GongetrenarGongetestar og Talknusar. 

 

Geografi

 

På praksistidspunktet, heldt 4. klasse i lesebøkene på med eit emne om folk frå andre land, utvandring, verdsdelar og verdshav. Dette kombinerte vi med geografi, og eitt av landa vi plukka ut, var Mexico. Her viste YouTube, med videoane Mexico og Mexico City, seg å vere ein nettstad som visualiserte landet elevane skulle lære om, på ein god måte. Vi fann også mykje informasjon via vanleg nettsøk i Google. Via den gratis nedlastbare Google Earth, kunne vi også sentrere oss inn til Mexico og kjende stader der. Vi zooma inn ( +, – ). Vi klikka på fotografiapparata som kom fram, for bilete, og på i – ane, for informasjon. 

 

Engelsk

 

I samband med geografidelen om verda, valde eg ut noko som hadde med verda / jorda å gjere, også i engelsk. På nettressursen http://www.starfall.com/, prøvde vi ut Earth Day. Deretter såg vi litt på About Me, Comics ( Two Friends )etc. Elevane kunne her lese og forstå hovudinnhaldet i tekstar om kjende emne, og det var og mogeleg å lytte til uttale. 

 

Vidare arbeid

 

Utanom dette, prøvde vi ut 2 lesetestar på bokmål, leksikonressursen http://www.caplex.no og http://www.telefonkatalogen.no. Både elevar og lærar opplevde praksisen som kjekk og lærerik, og opplevde glede ved å meistre teknologiske hjelpemiddel, og utnytte dei til å styrke læringa i fag. Dette er noko vi kjem til å halde fram med.

 

 

CC BY-NC 4.0 Læringsressursar på nett – ei støtte for læring av Anita Leirvåg er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anita Leirvåg, 2008
Kjelder: Netteland, Grete ( lærar på IKT, modul 2 ) Lenkjer i brukt rekkjefølgje: http://skolenettet.no/upload/Lareplan/grf.pdf http://www.google.com/search?q=cache:SlpdYHk7C84J:http://www.udir.no/templates/udir/TM_ GrunnleggendeFerdigheter.aspx?id=2098&visning=5+Grunnleggende %20ferdigheter%20+%20digitale%20ferdigheter. http://www.gruble.net/matte/gange/1-5u.htm http://matematikk.org/_grunnskole/index_grunnskole.html# http://tjenester.aschehoug.no/tallknuseren/1-4 http://www.starfall.com/ http://www.gruble.net/norsk http://www.caplex.no http://www.telefonkatalogen.no Dessutan i brukt rekkjefølgje: YouTube Google Google Earth
Kommune: Steinhovden skule