Kysteventyret
Øysamfunnet Batalden vest i Flora Kommune er ein utmerka representant for kystkulturen på vestlandet. Lengst vest i kommunen som strekk seg frå hav til bre finn ein samlinga av 70 øyar og holmer, kalla Batalden. Ei øygruppe som kan seiast å ha gjeve grunnlaget for kommunens eksistens. Vi skal her dele litt av det eventyret dette førte til, samt korleis utviklinga i kommunen har støtta seg på verdiane i havet heilt fram til den dag i dag.
Plassering i kart
Øysamfunnet
Eit øysamfunn på vestkysten av Noreg, som Batalden, har i hovudsak vore busett grunna høva i havet rundt. Dette gjeld her, men jordflekkane på øylandet lokka nok og. Det har stort sett vore over 100 innbyggjarar dei siste 200 åra. Levesettet har vore typisk for vestkysten av Noreg, med eit liv sentrert rundt fangsta frå havet. Andre faktorar som har verka inn er særskilt sjukdom, dødsfall og samhald/strid. Batalden har i grove trekk vore eit sterkt og stabilt samfunn, men som andre øysamfunn langs med kysten er det også her skjebnar som ikkje berre har vore positive. Til dømes kan ein nemne familiar som var serdeles hardt råka, alle borna og alle karane gjekk bort, anten det var grunna sjukdom, drukning eller vådeskot. Og sjølv om kvinnene ofte var sterke, var det ikkje alltid lett å driva garden vidare.
Den første sildetida
Batalden har har hatt to perioder ein vanskjeleg kan unngå å nemne, det er tida rundt 1860, som er den første sildetida og tida rundt 1950, som er den verkelg store sildetida. Frå 1860 er det mest synlege provet på silda si innverknad på staden, at Florø by blei grunnlagd. Det var nemleg mykje grunna silda rett utom, særleg rundt Batalden og Kinn, som var hovudårsaka til att nett Florø fekk by. I dag er kommunevåpnet og kystmuseet dei mest synlege prova på dette. I Batalden er husmurane på Fanøyvag prov på dette den dag i dag. Her var det tidligare sjøbuer, sildemottak og gjestehus for fiskarar.
Krigen
Under 2. verdskrig var ikkje levesettet som før. Sjølv om livet i Batalden ikkje vart snudd på hovudet, måtte folk vere meir tilbakehalden med kva dei gjorde og sa. Ein passa seg for tyskerane. Nokre av familiane ifrå øysamfunnet kjempa aktivt mot tyskerane, der kan ein nemne familien Karstensen, som drog mannsterke til London og verva seg til kamp der. Andre gjorde motstand på heimebane, blant anna med torpedering av tyske forsyningsfarty. Ein kjenner blant anna til at tyskerane fekk tak i representantar frå familien Fanøy, og sendte dei i konsentrasjonsleir. Diverre kom berre 2 av 4 tilbake. Det vart også gjort radiosendingar frå Blåkollen(toppen av nabøya – Skorpa).
Den store sildetida (1945-1957)
Den store sildetida er utan tvil byhistoria si glanstid. Og det var nettopp i og rundt Batalden dei beste fiskefelta låg. 10000-12000 fiskarar kunne vere her samstundes, og på søndagen, som var landdag, var heile Florøvika dekka med båtar. Florø tok i denne perioden i mot nær 30% av all silda som vart fanga på landsbasis. Og Florøfolket kjente lukta av penger betre enn nokon gong. Dette meinast ikkje berre biletleg men også reelt, då heile byan bokstaveleg talt lukta sild.
Den dag i dag blir det årleg markert kva silda har gjort for folket i Noreg sin trivligaste by, Florø, med sildebord gjennom heile sentrum(opptil 350m).
Etter silda
Etter silda kunne overgangen til det «normale livet» vere hardt. Framleis var det mange som livnærte seg på fiske, men på langt nær på dei vilkåra dei hadde tidligare. Ei ny tid sto for døra, og ei bedrift i Florø gav etterkvart arbeid til mange. Ankerløkken(etablert 1949) blei redinga for kommunen og den arbeidsplasse som ordna til smør på brødet for mange. Båtbygging og reprasjonar stod på dagsorden, så framleis var det havet som livnærte kommunen. Den yngste guten på bileta(både på slåtten og føre huset på russøy) var ein som gjorde karriere der.
Seinare år kom fiskeforfabrikken Ewos(1988) og lakseksportøren Skaarfish(1978) til Florø, og dei driv med suksess den dag i dag. Det er og mange suksessrike oppdrettarar i nærmiljøet. Allikevel er den kanskje viktigaste industrien i Florø i dag, oljeindustrien. Fjordbase vert stadig utbygd og oljepengar har tek over for «lukta av gull».
Den viktigaste fellesnemnaren for alle desse bedriftene er at dei alle er avhengige av tilgang til hav på eit eller anna høve. Kva som blir det neste skulle me gjerne visst no…
Båtar
Båtar og reiskap har vore gjennom ein eventyrleg utvikling frå tidleg 1800-tal og fram til no. Dette har sjølvsagt hatt stor betydning for mengden fangst. Dette siste avsnittet er tiltenkt å vere eit tips til å ta ei lita reise i båthistoria fram til den første sildetida var over(1960). Klikk linken til høgre.
-
Batalden sett frå sør Foto: Laila Anita Schønhardtcbn
-
Dei gamle murane frå den første sildetida er eit unekteleg prov på aktiviteten på Fanøya. Foto: Are Fjellestadcbn
-
Slik får vi nok aldri sjå Floravika att. Foto: M N Hornecbn
-
Ein lærde tidleg å ta eit tak. Kanskje noko dagens unge skulle ha vore med på? Foto: Helga Kristiansencbn
-
Faksimile frå 1936 om sildefiske. Foto: Faksimiler frå Fylkestider 1936cbn
-
Enorme mengder sild blei ført i land. Foto frå 1947 Foto: Fylkesleksikon - Sogn og fjordanecbn
-
Klargjering av garn. Foto: Finn Norstrandcbn
-
Russøy, ei av øyene i øygruppa Batalden, med fiskefartøy. Bilete teken tidlig på 1900-talet. Foto: Ukjentcbn
-
3 av borna i familien Kristiansen på Russøy. Dette bilete er teken i 1937 og me kan mellom anna sjå at huset har torvtak, noko som var meget vanlig på den tida. Foto: Ukjentcbn
- Bilete av sildebordet i Florø by. Verdas lengste sådan, 350 m.
-
Storsildfiske frå 1954 Foto: Ukjentcbn
-
Solskjær, ikkje fotballspelaren, men ein av båtane som tidleg nytta seg av tjenestane til Ankerløkken Foto: Fylkesarkivetall-rights-reserved
Kysteventyret av Robert Steindal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.