Kyrkjebautaen på Hope

Kyrkjebautaen på Hope
Mange kyrkjer som blei bygde for fleire hundre år sidan, er borte. På Hope i Hyen står ein bautastein som er reist til minne om Hyekyrkja i mellomalderen.
Plassering i kart
Bautasteinen
I 1950 reiste Hyen kyrkjelyd ein stein til minne om kyrkja som stod her i mellomalderen. Steinen står på Larsbruket på Bakken i Hope. Staden der han står, heiter Kyrkjegarden. Når ein står ved steinen og ser mot aust og vatnet, ligg Kyrkjevika nede til venstre. Her kom folk som skulle til kyrkje, roande og la til lands med båtane sine. Ei litt bratt stigning fører opp til staden der ein meiner kyrkja stod. Minnesteinen er henta i utmarka på Brekka lenger oppe i dalen. På steinen er det inskripsjon på begge sider.
Mellomalderkyrkja
Hyekyrkja er ei av ni sikre mellomalderkyrkjer i det som no er Gloppen kommune. «Kirkia i Hya» er nemnd i fleire skriftlege kjelder, mellom anna Bjørgvins Kalveskinn, kring 1300. I eit bispebrev frå 1308 blir «Hallztane de Hya» (Hallstein til Hyen) nemnd. Han var då prest i Hyen. Løna prestane fekk, tok dei inn ved ymse kyrkjelege handlingar og tiend, og dei kunne eige kyr og andre husdyr som gjekk i leige hos bønder rundt på gardane. Desse husdyra trudde folk det skulle følgje ekstra lykke med. Ein veit ikkje sikkert når kyrkja vart nedlagd eller riven, men det har truleg skjedd i tida rett etter Svartedauden (1349-59).Mange gardar vart liggande øyde, og eksistensgrunnlaget for prest og kyrkje vart borte.
Hyekyrkja i dag
Det vart bygd ei ny kyrkje i 1876. Då hadde hyarane vore utan eiga kyrkje i over 500 år. I denne tida måtte dei reise til Vereide for å få utført kyrkjelege handlingar. Det var strevsamt og til tider farleg i robåt når veret var dårleg. Den nye kyrkja vart ikkje bygd opp att der den gamle stod. Kyrkja i dag står på Straume.
Kyrkjebautaen på Hope av Anna Hope Heimset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.