Kvernhusa på Kolgrov

Her er grunnmurane som viser tidlegare aktivitetar ved Kvernhusbekken på Kolgrov.
Skal du kome til Kolgrov, må du køyre Rv 608 mot Hyllestad og ta av i vegkrysset der skilt viser veg. Her oppe er det vidt utsyn då gardstuna ligg kring 200 meter over havet. Tydinga av gardsnamnet er uviss, men lite tyder på at det har noko med trekol å gjere. Men gardsbruk har her vore i hundrevis av år, og no skal du få høyre litt om kvernhusa på garden.
Plassering i kart
Ved Kvernhuselva
Dei tre eldste gardane på Kolgrov hadde før i tida kvar sitt kvernhus som vart brukt heilt fram til andre verdskrig.
Kvernhusa ligg ved Kvernhuselva. Denne renn frå Kolgrov til Indrefjorden.
Det er til vanleg lite vatn i elva, men etter regnversperiodar, fløymar ho opp.
Kvernhusa ligg tett i tett ved Kvernhushola, der elva renn bratt nedover.
Kvernhus på kvart bruk
Gardane hadde kvart sitt kvernhus for å kunne nytte vassføringa maksimalt den tida det var nok vatn i elva.
Etter at det vart slutt på kornproduksjonen, forfall kverhusa. I dag står berre grunnmuren, nokre leiegrøfter og fundamenta for trerennene (=slåka) som står igjen.
Kvernsteinane som vart brukte, ligg der endå. Eine steinen på alle kvernane er forsterka eller reparert ved hjelp av jernband festa rundt.
Kvernsteinar frå Hyllestad
Steinane er truleg frakta frå Hyllestad ved hjelp av slede. Det er rundt 4 km, og det var ikkje veg, men berre sti frå Hyllestad til Kolgrov på den tida. Vegen opp vart bygd først etter andre verdskrigen.
Det er ingen som veit kor lenge det har vore kvernhus på Kolgrov, men det er har i alle fall vore busetnad der frå før 1175.
- Her er grunnmurane som viser tidlegare aktivitetar ved Kvernhusbekken på Kolgrov.
- Kvernsteinen er for lengst komen under torva
- Stille idyll ved Kvernhusbekken
- Kvernsteinane har gjort sitt og har fått lege i fred
- Det måtte nok eit krakttak til når denne overliggjaren skulle fraktast med slede frå hoggeplassen på Hyllestad
- Ein gamal grunnmur ved ein bekk kan gje ein mangt å tenkje på
- Namnet Kvernhusbekken seier sitt
- Tida er i ferd med å slette alle spor etter tidlegare aktivitetar
Kvernhusa på Kolgrov av Terje Borlaug Risnes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.