Kvernhusa i Kråkenes
I tidlegare tider var det vanleg med kvernhus i alle bygder, og i første halvdel av førre hundreåret var det 23 kvernhus i drift på Nord Vågsøy. Dei best bevarte av desse husa finn vi i Kråkenes.
Plassering i kart
Historie
Det står 4 kvernhus i Kråkenes i dag, men dette er ikkje dei første kvernhusa som har vore sette opp i Kråkeneset. Nedanfor desse husa finn ein restar etter enda eit hus. Dette trur ein har vore eit felles kvernhus som alle gardane åtte i lag. Det var truleg i bruk så tidleg som på 17-1800-talet. I dag er det to og to gardar som eig eit kvernhus saman. Ein veit ikkje sikkert kor gamle desse husa er, men det eldste er over 200 år gammalt. Ein har også funne stein etter handkvern. Den er truleg over 1000 år gammal. Andreas Kråkenes, som bur på Kråkenes og eig eitt av desse husa, hugsar godt den tida kvernhusa var i bruk, og han fortel gjerne.
Maling av korn
Malinga gjekk føre seg om hausten, etter at kornet var hausta, treska og tørka. Då demde dei opp eit vatn oppe i bygda for å få nok vatn i elva til at kverna kunne gå. Så bestemte dei seg for ein dag dei skulle male. Alle mol på same tid. Det var for det meste havre dei mol, men også litt bygg.
Under krigen var det ikkje lov å male kornet sitt sjølve. Det skulle styresmaktene samle inn og male, og så fekk dei att ein del av det. Lensmannen kom ut og forsegla steinen. Men etter at lensmannen var vekk, fjerna dei forseglinga og mol kornet likevel. «Det var 30-40 ungdomar i Kråkenes på den tida, og dei åt mykje graut,» fortel Andreas. Dei meinte at dei trong kornet sjølve.
Restaurering
I 1999 fekk dei tilskot til restaurering frå Miljøvernavdelinga hos fylkesmannen. Då vart tre av husa sette i stand, og det vart bygd opp att nye renner. Det fjerde huset vart det ikkje gjort noko med, og det er no i heller dårleg forfatning. Det tek til å haste med å få sett det i stand dersom ein skal berge det.
Undervisningsopplegg
I 1985 laga Arne Larsen, den gongen lærar på Raudeberg skule, eit undervisningsopplegg om kvernhusa på Nord Vågsøy. Han laga ein biletserie på 20 bilete med tekst. Dette opplegget er tilgjengeleg på skulane i dag. Han laga også ein modell av eit kvernhus, men den vart diverre borte då dei reiv gamleskulen på Raudeberg.
Den kulturelle skulesekken
Takka vere den kulturelle skulesekken har skulen i Vågsøy no kvart år tur til Kråkenes for alle elevar i 3. klasse. Her får dei lære om kvernhusa, og dei får besøkje Kråkenes fyr. Denne turen har hittil vore lagt til våren, og då er det ofte for tørt til å male. Men dersom det er vatn nok, stiller Andreas Kråkenes gjerne opp og viser korleis kverna verkar. Ein kan også gjere avtale om å komme ut om hausten. Andreas har ein sekk korn ståande som er kjøpt inn til denne bruken.
Kvernhusa i Kråkenes av Ingunn Frøyen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.