Sidemeny+

Kverna på Otterhjell

Posted on 22. mai 2008 by in Jordbruk

Kverna står nede ved elva nedom Otterhjell

Kverna på Otterhjell vart bygd rundt 1918, og var i bruk i cirka 30 år, fram til 1945. Ho vart brukt mykje under krigen. Kverna er i dag 90 år gammel. Det var dei to gardane på Otterhjell som eigde kverna.

Plassering i kart

Byggjing. Det var mykje arbeid og bygge ho. Dei brukte furu til byggematerial. Kjerneveden (al) var det beste. Dei måtte lage demning, vassrenne, bygge kvernhuset og skaffe seg kvernsteiner. Dei laga også kvernkall. Vatnet dreiv den rundt, slik at den øverste kvernsteinen gjekk rundt, medan den andre låg i ro. Dei tømde korn i ein behaldar over steinane, så rann kornet sakte ned på steinane og vart male når dei to steinane gnissa mot kvarandre. Olav Otterhjell har restaurert kverna i seinare tid. Slipestein. Dei nytta ikkje berre vatnet til og male korn, men dei brukte det og til å slipe ljåar og anna reidskap. Difor sette dei opp ein slipestein som blei driven av vatn. Dette sparde mykje arbeid. Korndyrking. Dei dyrka korn og poteter på marka oppom huset. Arealet var 4-5 mål. Halvparten vart brukt til poteter og resten til korn. For kvart år bytte dei side med korn og poteter. Dette gjorde dei for at jorda skulle halde seg godt, men også fordi det lett kom ugras i kornåkeren, og potetene tok knekken på ugraset neste år. Det var helst bygg dei dyrka, men under krigen hadde dei også kveite. Men Otterhjell ligg høgt, så det var dårlegare tilhøve for korn her enn nede i bygda. Under krigen fekk dei ein gong kjøpa 10 kg bygg-gryn som dei mol til mjøl. I krigstida var dei pålagde å dyrka korn på Otterhjell, slik som dei fleste andre gardar i Fresvik. Besøk av Sogn Folkemuseum. For nokre år sidan var Sogn Folkemuseum på Otterhjell og mol bygg til maltøl. Dei sa at kverna fungerte veldig godt og dei fekk maltet akkurat slik som dei ville ha det.

CC BY-NC 4.0 Kverna på Otterhjell av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Cecilie Breilid Skogheim, Brede Strømme, Inga Helen Hauglum, 2008
Klassetrinn: 6
Kjelder: Olav Otterhjell
Kommune: Fresvik