Sidemeny+

Kva hende med Helina?

Posted on 18. mai 2008 by in Immateriell kulturarv

Vinteren 1793 dukka ei mogleg drapsak opp i Eikefjord. Tausa Helina Hallvardotter Hovland vart funnen daud i sjøen ved Vikarimma. Lars Larsson Hovland vart straks mistenkt for å ha drepe henne.

Plassering i kart

11. april måtte han stille for ekstraretten. Av unemnd grunn fann dette stad i Sauesundet, med lagrettermenn frå gardar ved Brufjorden og Stavfjorden. Lars måtte svare på mange spørsmål. Han fortalde at dei hadde hatt eit forhold sidan sommaren 1792, og at ho var gravid.

I desember kom han til foreldra til Helina og ba om føring til Høydalen. (Han skulle eit ærend der) Det vart Helina som førte båten. Han gjekk opp i Ramsvika og fortalde henne beste veg å ro attende med austavinden.

Det neste som hende var at Akslun Nilsson Storevikja fann båten rekande på fjorden. Han berga inn båten, som hadde broten kjeip, medan årer og anna utstyr var intakt.

Dagen etterpå kom Lars att frå Høydalen og fekk Martein Marteinson Teigen til å føre seg tilbake til Hovland.

Funnet av Helina
Ei veke etterpå rodde Martein under «Remmene», og ved Haahellene såg han ein kvinnekropp flyte i sjøen. Han kjende henne straks att som Helina. Han tok ho opp på land, knytte ein tauende rundt armen og festa den til ein stein. Til slutt la han ei skinnbukse over skuldrane hennar. Så rodde han inn i Sunnarvika og sa i frå, og dei førte liket til foreldra hennar. Mora var Sigrid «Sigri» Sjurddotter og stefaren Hans Sakrisson «Hafnen».

Sigrid vitna at då ho fekk vite at dottera var gravid, hadde ho snakka med Lars. Han ville absolutt ikkje gifte seg. Då hadde ho sagt at Helina fekk føde bornet og koste det fyrste året. Deretter fekk han bere kostnadane. Då svara Lars: «Fanden tage den som giør».

Avgjerdsla i ekstraretten
Mange vitne var spurde, men ingenting gav bevis på at Lars skulle ha drepe ho. Det viste seg å vere umogleg å skaffe vitnesbyrd mot han. Som det står i utskrifta til amtmannen: «ikke engang grundet formodning». Difor vart Lars slept ut av lensmannsarresten og aldri dømt for drap.

Historia som vandrar den dag i dag
Sjølv om Lars aldri vart dømt, var det på folkemunne mange som meinte at Lars var skuldig. Dei meinte at han hadde drukna Helina på fjorden for å sleppe ansvaret for ho og barnet. Haahellene (som var plassen der Helina vart funnen) har i dag namnet Skahammaren. Det vert fortalt at namnet «Ska» var noko dei gav til plassar der folk hadde skada eller drepe seg. Den dag i dag vandrar ei historie som fortel at du kan høyre Helina skrike under Skahammaren.

CC BY-NC 4.0 Kva hende med Helina? av Mona Ødegård Standal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Mona Ødegård Standal, 2008
Kjelder: "Soga om Flora", Albert Abramson Joleik.
Kommune: Eikefjord