Sidemeny+

Komfyrproduksjon på siste verset

Posted on 12. mai 2008 by in Arbeidsliv

-

Etter over 90 år med komfyrproduksjon i Ørsta, har kommersielle krefter sagt sitt. I juni rullar den siste Grepa komfyren ut frå samlebandet og eventyret i Ørsta tek slutt. Her vil eg sjå litt på historia til Grepa og korleis utviklinga har vore.

Plassering i kart

Oppstarten
Det heile starta med Karl Johan Mjelva. Han var eigar av Hotel Union i Geiranger, men hadde ei stor interesse i teknologi og nyvinningar. Han bygde mellom anna eit lite kraftverk som gav straum til hotellet. Tidlegare hadde ein måtte bake i vedfyrte støypejernsomnar. Dess heldt for høge temperaturar til å bake forskjellige bakevarer og ein måtte difor byrje med brøda, som tålte mest, for å så steike dei bakevarene som tåle minst varme til slutt. Første steg mot Grepa komfyren, vart at Mjelva reiste rundt og monterte elektriske element i dei gamle støypejernsomnar. Du kan lese meir om Mjelva og dei første komfyrane her og her.

Her kan du også lese om kunngjeringa av den første komfyren som vart lagt ut for sal.

Oppstart i Ørsta
Produksjonen av komfyrar vart først flytta til Veblungsnes. Mjelva fekk økonomiske problem og banken tok pant i fabrikken. Dei valte å halde fram med drifta og fabrikken gjekk godt. Men etter ei tid fekk også banken økonomiske vanskar. Dei måtte selje fabrikken og Halvtor Hovden såg ein gyllen sjanse til å kjøpe fabrikken. Også han hadde ein skral økonomi, så redninga for han var aalesunderen Olav Devold. Devold var eigar av lokala til Ørsten Cement og Betonstøperi som nett hadde gått konkurs og han gjekk med på å låne Hovden dei 70.000 kronene som han trengde for å kjøpe komfyrfabrikken. Vilkåra for lånet var at dei leigde og seinare kjøpte lokala i Ørsta sentrum. I 1929 vart utstyr og maskiner flytta i to båtlass og grunnsteinen for Grepa var lagt.

Dei første åra
For at Grepa skulle etablere seg i Ørsta, var det stilt nokon krav til kommunen. Fabrikken måtte ha 12kW straum om dagen og 12 kW + 13 kW på natta. Det vart også sett krav til at Bergenske Damp Skip Selskap skulle leggje godsruta si om Ørsta og frå forsikringsselskapet vart det sett krav om at fabrikken skulle ha tilgong på trykkvatn. Det var stor arbeidsløyse i Ørsta og kommunen klarte så vidt å innfri alle krava som vart sett. Dei første fem åra var særs harde for Grepa, men arbeidsviljen var stor. Mange av arbeidarane spytta inn eigen kapital i bedrifta og jobba difor ekstra hardt, slik at dei ikkje skulle tape desse pengane. Om du vil lese meir om dei første åra i Ørsta så trykk her.

Den første Grepa-komfyren
Den første Grepa-komfyen som vart serieprodusert kom i 1931 og fekk namnet Ørsta-komfyren. Denne vart selt lokalt for 65 kr, men salet var labert då økonomien var dårleg og folk ikkje kunne unne seg slike godar. Men alt i 1932 vart dei økonomiske høva betre, noko som førte til auke av både sal og produksjon. Denne auken varte heilt fram til okkupasjonen i 1940. Komfyren til Grepa vart marknadsført ved å spele på kombinasjonen av tekniske kvalitetar til ein låg pris. Då, som i dag, gjekk dette rett heim hjå forbrukarane. Gjennom krigen sleit Grepa med rasjoneringar av råvarer, og dei klarte ikkje å produsere nok komfyrar til å fylle etterspørselen.

Suksessfaktorar
Noko av det som gjorde at Grepa vart ein suksess, var at dei alltid låg i forkant av utviklinga. Det første dei gjorde, var å gå vekk frå dei gamle støypejernsomnane. Dette argumenterte dei med at støypejernet stal mykje varme som ikkje vart nytta. Konkurrentane næmast latterliggjorde den nye stålkomfyren og kalla den for eit blikkskrammel. Deretter kom Grepa forbetra dei steikeomnen ved å isolere døra betre. Dette gav mindre varmetap, jamnare varme og kaldare dør. Sist, men ikkje minst, så har Grepa hatt rykte på seg for å vere produkt som har veldig lang levetid og god kvalitet. Grepa namnet står også for tillitsfull og førsteklasses.

Konkurranse og oppkjøp
Det låg mykje pengar i komfyrproduksjon, og etterkvart vaks det fram mange komfyrprodusentar i Noreg. Livet som komfyrprodusent var hardt og ein måtte kjempe for å overleve. I 1972 gjekk Grepa inn i samarbeid med STK/ITT, noko som auka omsetninga, men pressa prisane ned. I 1985 selde STK/ITT kvite- og brunevareavdelinga si til Electrolux og Grepa stod igjen aleine. I 1988 inngjekk Grepa ei avtale med Helkama i Finland og fekk namnet Grepa-Forste AS. Fabrikken gjekk godt i mange år og når årtusenskiftet kom gjekk Grepa jamt med overskot.

Ny fabrikk og nedlegging
Dei gamle bygga i Ørsta sentrum hadde vore i bruk sidan oppstarten på1920-30 talet. Så det vart lagt planar om ein ny fabrikk på det nye industrifeltet rett utanfor Ørsta sentrum. I 2000 vart kontrakten om nytt bygg inngått og hausten 2002 vart det nye bygget opna. Dei gamle bygningane vart rivne og det vart bygd kjøpesenter. Til tross for at fabrikken i Ørsta gjekk med overskot og store investeringar i maskiner og bygg, valde Helkama konsernet å legge ned Grepa. Grunnen til dette var at Helkama på generell basis hadde tapt store summar og dei valde då å legge ned heile kvitevareproduksjonen. Så i juni 2008 rullar den siste komfyren ut av fabrikken i Ørsta og Grepa vert historie.

CC BY-NC 4.0 Komfyrproduksjon på siste verset av Sindre Sandbakk er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Sindre Sandbakk, 2008
Kjelder: Grepa Grepa Historielag
Kommune: Ørsta