Sidemeny+

Kletten opp!

Posted on 23. mai 2008 by in Landskap

Kletten opp! er eit motbakkeløp i Naustdal som første gong vart arrangert sommaren 2007. Løpet går opp på fjellet Kletten som ligg 270 m.o.h

Plassering i kart

Kletten

Kletten er eit lågt fjell som dominerar aust sida av Naustdal. Fjellet går vertikalt rett opp til toppen frå elva ved havnivå. Vegen opp på fjellet og vegar/stiar opp på andre fjell kring Naustdal har nyleg vorte ubetra og merka, noko som turgåarar sett stor pris på. Heile vegen opp på dette lille, men majestetiske fjellet er det godt merka med raude piler og stadsnamn. Dette gjer at ein umogeleg kan gå feil på tur opp på fjellet. Men vegen opp er svært bratt og krevande, nokon plassar må ein ned på alle fire og klyve. Det at turen er sopass krevande er nok grunnen til at Odd Kåre Nøstdal kom opp med ideen om å arrangere motbakkeløp på Kletten sommaren 2007.

Motbakkeløpet Kletten opp!

Sommaren 2007 vart dette motbakkeløpet første gong arrangert av initiativtakar Odd Kåre Nøstdal. Han gjekk på førehand ut i avisa Firda og hevda at han var «fjellkongen i Naustdal». Dette førte til stor interesse kring løpet og mange påmelde utøvarar. På førehand hadde ein tru på at vinnaren kunne klare ei tid under 11 min, men vinnartida på tidenes første Kletten opp! vart sterke 9:59. Og vinnaren vart Vegard Furevik frå Førde.

 

 

Sjå bilete av Kletten opp! 2007 her

 

 

Sjå fullstendig resultatliste her

 

 

Skuletur på Kletten

 
Kletten egnar seg godt som skuletur fordi vegen opp er godt merka og det tar berre ca 30 min med vanleg gange å nå toppen. Når ein er på toppen har ein ei fantastisk utsikt over Naustdal, noko som er åleine verdt turen. Som del av opplæringa av lokalkunskap bør elevar i Naustdal få anledning til å gå denne turen grunna den storslåtte naturen, men også det faktum at dei mange stadsnamna som ein finn på vegen er viktig å kunne for ein naustedøl.

 

Trendy med motbakkar

 

Motbakkeløp er populært om dagen, og har dukka opp i minst halvparten av fylkets kommunar. Det er løp i Bremanger, Flora, Gaular, Jølster, Gloppen, Høyanger, Vik, Årdal, Luster, Jølster og Stryn. Og fyrtårnløpa «Storehesten Opp» og «Skåla Opp» kan samle over 3000 deltakarar.

CC BY-NC 4.0 Kletten opp! av Narve Kirkebø Pedersen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Narve Kirkebø, 2008
Klassetrinn: 7
Kjelder: www.wikipedia.no www.firda.no
Kommune: Kletten