Sidemeny+

Kinnakyrkja, eit vakkert monument i havgapet

Posted on 15. mai 2008 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Lengst vest i havet i Flora ligg øya Kinn. Denne mest ubebudde øya har ein spennande historie og ikkje minst ei utruleg vakker, gamal kyrkje. Sjå for deg dei brattaste ville fjellsider. Eit frådande hav, der bølgjene bryt med voldsom kraft mot klippene. Ein  sagnomsust og heilt spesiell fjellformasjon, den kjende Kinnaklova. Midt i alt dette ligg Kinnakyrkja.

Plassering i kart

Kyrkja i havgapet
Kinnakyrkja står som eit av dei flottaste mellomaldermonumenta på Vestlandet, og ligg på øya Kinn i Sogn og fjordane. Les meir om Kinn her: http://www.geoatlas.no/admin/templates/showitem.aspx?article_id=7447
Namnet Kinn kjem truleg av kind, som tydar bratt fjellside. Det er interessant at det finnes ei så stor, vakker og gammal kyrkje ytterst i havgapet, på ein stad der det nesten ikkje bur folk. Kvifor kan ein ikkje med sikkerhet seie, men ein undrast på samanhengen med kyrkjene og klosteret på Selja. Desse kyrkjene ligg alle ytst mot havet, var ein naturleg stoppestad for sjøfolk og pilegrimar og er nemnd i alle utgåvene av Sunnivalegenda. Les meir om Sunniva her:  http://no.wikipedia.org/wiki/Sunniva_av_Selja

 

Kyrkja utvendig
Ein går inn på kyrkjegarden gjennom ein bogekvelving under klokketårnet. Kinnakyrkja er ei langkyrkje, bygd i romansk stil i stein, med rundboga vindauge og dører. Bygginga tok til kring 1150. Den er bygd i to etappar, der koret er det eldste bygget. Ein ser ein tydeleg skøyt i veggen mellom byggetrinn ein og to. Koret er eldst, og skipet må ha vore bygd nær 100 år seinare, og er både ombygd og utvida slik det står i dag. Kyrkja vart modernisert i 1868, og vindaugsopningane vart då gjort større for å sleppe meir lys inn i kyrkja. Det har vore mange eigarar av kyrkja, og både kongar og adelsmenn har i si tid hatt dette som sin eigedom.

 

Kinna-spelet
Mange har funne vegen til kyrkja på Kinn gjennom åra, og særleg i sommar-månadane. Dei siste 25 åra har dette talet auka mykje den tredje helga i juni. Då er det nemleg tid for det årlege Kinnaspelet, eit sogespel med bakgrunn i legendetradisjonen rundt Kinn-segnene. Les meir om segna her: http://www.geoatlas.no/admin/templates/showitem.aspx?article_id=7448&lang=nn
Her kan du lese meir om kinnaspelet: http://www.kinnaspelet.no/om_kinnaspelet.asp

 

 

 

Kyrkja innvendig
Inventaret i Kinn kyrkje er frå ulike tids-bolkar, heilt frå kyrkja si første tid og opp til våre dagar. Det mest spesielle med kyrkja er det gamle verdfulle lektoriet. Dette er eit galleri som går tvers over skipet framme ved korbogen, og var brukt av geistlege til preken og song i gudstenesta. Dette var ikkje eit område der kyrkjelyden fekk opphalde seg. I utsmykkinga av lektoriet er der ikkje mindre enn ei forkynning. Jesus og apostlane sit på tronstolar, og biletet er ei framstelling av dommedag.

 

Kyrkja gjennom katolsk og Luthersk tid
På sørveggen i koret heng det eit altarskåp med tre helgenfigurar av tre. Skåpet er ein kopi av hovudfeltet i altertavla. Desse tre figurane har fått namna Borni, Ingebjørg og Sunniva, knytt til dei lokale segna. Helgenfigurane stod tidlegare på altertavla, men vart i 1703 tekne ut. Sidan dette var klar katolsk kyrkjekunst, er det mest sannsynleg at desse vart fjerna fordi Luthers lære strida mot helgendyrking. I staden for helgenane vart det den gong måla eit stort bilete av krossfestinga. Men i 1971 kom figurane til sin rett igjen, etter restaureringa av Rolf Johansen.

 

Kinn og Selja, innfallsportar for kristendomen til landet?
Steinkrossen som vart funnen i sund slegen under kykjegolvet, er truleg eit minne frå vår første kristne tid. Skikken med å reise steinkrossar kom til Noreg vestanfrå, frå Irland og England. Biskop F. Birkeli som har granska norske steinkrossar, peikar på at vi finn flest slike i område som har må ha hatt tilknytning til Selja og Kinn. Les meir her: http://floraskulen.no/fagsider/samf_fag/kinnakyrja4.htm

CC BY-NC 4.0 Kinnakyrkja, eit vakkert monument i havgapet av Siv Jannicke Refvik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Siv Jannicke Refvik, 2008
Kjelder: -På kyrkjeferd i Sogn og fjordane, bind 1, Nordfjord og Sunnfjord, s.184-191 -http://www.kinnaspelet.no/om kinnaspelet.asp -http://no.wikipedia.org/wiki/sunniva_av_selja -http://floraskulen.no/fagsider/samf_fag/kinnakyrkja http://www.olavsrosa.no http://no.wikipedia.org/wiki/kinn_kirke_(flora)
Kommune: Florø