Killingholsagi

Killingholsagi
Namnet Killingholet kjem truleg av at dei gjette killingar der.
Plassering i kart
Den gamle saga. Gamle Killingholsagi stod litt lengre oppe i bakken, men no er den saga heilt vekke. Jens Breilid og Ivar Breilid var eigarar av den gamle saga, men kven som først bygde ho, veit me ikkje. Ein mann frå Flæte skulle vera sagmeister. Den gamle saga hadde undervasshjul. Det var laga av støypejern og måtte difor vera av nyare dato. Undervasshjulet ligg framleis der oppe. Noko av utstyret frå den gamle saga vart nytta oppatt i den nye, men noko utstyr vart også selt til bygdefolk. Ny sag. I 1942 bygde Johan Flæte og Sigvald Bøtun Killingaholsagi som står i dag. Saga fekk namnet etter plassen og den gamle saga som og heitte Killingaholsagi. På grunn av mindre vatn i elva om sommaren og vinteren, var saga berre i bruk om våren og hausten då det var rikeleg med vatn. Det jobba fleire på saga til Johan Flæte og Sigvald Bøtun. Håvard Breilid, Helge Flæte og Jostein Breilid spikra kassar på saga, så det var mange mann i arbeid ei tid. Nye eigarar. Rundt 1958 kjøpte Olav Flæte saga. Han hadde ho i mange år, men rundt år 2000 kjøpte Dagfinn Flæte ho og han eig saga i dag. Ein heilt spesiell turbin. Saga blei driven av ein turbin. Det var Eirik Øvrebø som bygde turbinen, den hadde 30 hestekrefter. Turbinen blei beskriven som Øvrebøs over og undertrykks turbin. Dette skulle vera ein heilt ny konstruksjon. Det blir sagt at Eirik Øvrebø ikkje kunne lesa, men han var likevel svært flink med kompliserte maskiner. Eirik Øvrebø dreiv eige sagbruk og då han slutta, kjøpte eigarne av Killingholsagi turbinen. Denne turbinen skal vera omtala i eit amerikansk teknisk tidsskrift. No er denne turbinen truleg den einaste i Norge av sitt slag. Sidan denne turbinen var så verdifull ville gjerne sonen til Eirik ta med seg turbinen, men sidan den var plassert nede i siloen vart det for vanskeleg. Det gjekk ei stor trerenne frå elva og ned i ein støypesilo der turbinen var. Renna førde elvevatn ned til siloen, for den måtte alltid vera full med vatn for at turbinen skulle virke. På veggen i saga var det eit ratt. Der stillte dei opninga i luka som regulerte kor mykje vatn som rann inn. På botn av støypesiloen rann vatnet ut att. Turbinen dreiv saga i mange år. Men etter ei tid kjøpte dei ein dieselmotor. Den stod i kjellaren under saga. I seinare tid bygde Olav Flæte saga om, så ho gjekk på straum. Saga har ikkje blitt brukt dei aller siste åra, men er fortsett brukande.
- Killingholsagi
- Killingholsagi vart bygd i 1942
- Den støypte vass-siloen ser me midt på biletet.
- sagbladet
- Undervasshjul til den eldste saga.
Killingholsagi av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.