Sidemeny+

Jordmor Mary Rye

Posted on 26. mai 2008 by in Arbeidsliv, Historie, Immateriell kulturarv, Person

Mary på jordmorskule. Mary heilt oppe til høgre

Mary Rye, f. Bjørnestad, vart født i Lexington i USA 31.12.1898. Ho kom til Noreg saman med foreldra og storebroen då ho var 9 månader gammal. Dei flytte tilbake til Skifjorden der faren hennar kom frå. Seinare fekk ho to brør til.
Fordi faren vart sjuk, busette familen seg på Bjørnestad i Noreg. Dei hadde seinare tenkt å flytte tilbake til Amerika, men dette vart det aldri noko av.

Plassering i kart

Som ungjente
Som ungjente reiste Mary til Sogndal folkehøgskule. Mary bestemte seg allereie som lita jente for å bli jordmor, og etter folkehøgskulen reiste ho til Bergen for å gå på jordmorskule, der ho tok eksamen i 1921. Som nyutdanna jordmor reiste Mary først til Kvinneklinikken i Oslo, deretter til Drammen sjukehus for praksisk og meir utdanning. Då ho var 23 år, altså i 1921, reiste ho attende til Hyllestad og vart tilsett på Øn 1.januar 1922. Sjølv om ho var tilsett i Øn-grenda, måtte ho ofte ta turar til resten av kommunen og.

Var alltid reiseklar
Før i tida var barnekulla mykje større enn no, så jordmora måtte alltid vere reiseklar. Mary hadde alltid med seg ein liten koffert med det mest naudsynte utstyret. Ho måtte reise uansett ver og tid, og ungane måtte greie seg som best dei kunne heime med faren. Nokre gongar var ho vekke i dagevis før fødselen endeleg var over. Det største av alt, har Mary sagt, er at ho var uendeleg takknemleg for at ingen av hennar pasientar døydde, korkje mødre eller barn. Den mest «kjende» av borna Mary har tatt i mot, er kanskje lærar og stortingsrepresentant Håkon Giil. I tillegg til sjølve fødselen hadde Mary òg ansvar for svangerskapskontrollar og barnekontrollar.
I tillegg til å vere jordmor sette ho sprøyter, sydde og behandla båda folk og dyr.

Vegane i Hyllestad
Det var få vegar i Hyllestad då Mary starta som jordmor. Og ho måtte ofte gå lange turar over fjell, få hesteskyss eller båtturar. Som 40 åring fekk Mary seg sykkel, og etter det vart sykkelen hennar viktigaste framkomstmiddel.

Kongens fortenestemedalje i sølv
Onsdag 17.januar i 1962 fekk Mary Kongens fortenestemedalje i sølv for innstasen sin som jordmor gjennom 40 år.
Ho fekk æresmedaljen overlevert av ordførar Olav Bruknapp, under ein vakker seremoni i heimen hennar. Og i talen som Bruknapp heldt, skildra han ho som ei dugande kvinne og eit varmt og fint menneske.
Frå då ho vart tilsett 1.januar 1922 til då ho pensjonerte seg i 1964, har ho assistert omkring 1000 nye borgarar inn i verda.

Transportmiddel
Og som 40-åring fekk Mary sin første sykkel og lærte å sykle, etter dette var sykkel hennas eit viktig framkomsmiddel. Fyste tida Mary var jordmor var det ingen telefon, straum eller vatn innlagt i heimane, og derfor måtte Mary på førehand få melding om kven som venta born.

Første med bil i kommunen
Mary fekk sertfikat som 62-åring, og ho var ein av dei første i kommunen som fekk seg bil – ein fin liten Arabella. Mary synest det var ei rar kjensle å køyre rundt i bil å sjå på alle husa og gardane. På nokre av gardane hadde ho faktisk teke imot barn frå tre generasjonar, og sett dei vekse opp, gifte seg og falle frå.

Mary gifter seg med Magnus
Då Mary var 28 år, gifte ho seg med læraren og klokkaren Magnus Rye. Dei fekk 2 barn, ein son og ei dotter, kalt Aslaug og Oddvar.
Når ho ikkje var ute på oppdrag som jordmor eller i nokon misjonsforreining, var ho ute og stelte med jordlappen og dyra heime. Der dei hadde blant anna 2 kyr, 2 kalvar, 1 gris og 10 – 12 høns.
Mary hadde blant anna også vore leiar for Den Norske Sjømannsmisjon, forsorgsstyret og helselaget.
Mary døydde 20.oktober 1999; ho vart då 101år

CC BY-NC 4.0 Jordmor Mary Rye av Kristin Solås er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristin Solås, 2008
Klassetrinn: 8. klasse
Kjelder: Aslaug Solås
Kommune: Ulvika