Sidemeny+

Husa på Røst

Posted on 20. mai 2008 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Ålfotfjorden

7. aug. 1918 vart Ålfot Interkommunale Kraftselskap stifta. Selskapet skulle drive med kraftutbygging og fekk overført fallrettane til fossefalla i Yksenelvane og Åskora og eigedomar i Ålfoten frå fylket.

Plassering i kart

Det første som kom på plass i Ålfoten, var nokre flotte villaer til ingeniørar og funksjonærar, og ein luksuriøs administrasjons- og representasjonsbygning, innreia med kostbare skinnmøblar og krystallysekruner. Krafteventyret enda med tvangssal og store pengetap, men husa står og feirer snart sine 90 år.

Pengekrise
Slik tenkjer ein seg starten på Ålfotsaka, lytt på Fossespekulant i Ålfoten og sjå på biletet av Ålfotfjorden.
Ingeniørbustadane vart bygde på Myklebust, tomtene kosta 13.000 kr. Husa var større og flottare enn andre. Ei av krystallysekrunene kosta 5000 kr. Folk reagerte på luksusen og den lite nøysame kulturen i selskapet. I 1918 var det optimisme og gode tider, men allereie i 1920 var det nedgangstider, dårleg fiske og pengekrise. I 1922 hadde selskapet 12,5 mill. kr i gjeld. Det vart tvangssal og avvikling i 1927 og eit bittert oppgjer i fylkestinget. Oppgjeret kring Ålfotskandalen
Frå 1928 til 1936 dreiv Ålfotselskapet vidare og i 1936 overtok YFK. Fylket og kommunane sleit med gjelda i opptil 40 år. «Vi må vere varsame, for vi har hatt ein ålfot, og vi kan ikkje tole fleire ålføter.»

Høg standard
Bustadane hadde smijernsomnar på alle rom og kaminar i gangen. I «Firdaheim» står omnane enno. I andre hus finn ein nokre omnar eller restar etter dei på komposthaugen.
Husa var bygd med hollandsk takstein og på to av dei ligg denne enno, men både sutak og stein er klare for fornying. Isolasjonen mellom etasjane er leire. Husa hadde skjulte installasjonar, leidningane låg i jernrøyr, noko som var både kostbart og forut for si tid. Det var vassklosett og varmt og kaldt vatn, noko som ikkje var standard. På loftet var det pikerom til tenestejenta.
På alle rom var det installert eit ringesystem der hushjelpa på kjøkenet vart varsla av ei klokke og kva rom som trengde assistanse, rom 1,2 og vidare. I kjellaren var det vaskerom med solide marmorkummar. Kleda vart kokte i store kopparkjelar.

«Firdaheim»
Den første ingeniøren som budde her var Hans Hysing, bror til driftsleiar Petter August Hysing. I matrikkel av 1950 står Firdakraft L/L som eigar av «Firdaheim».
Asbjørn Kravik kom til Ålfoten i 1949 for å vere med på utbygginga av Yksenelvane. Familien budde i Lunden til 1956, men då sonen skulle starte i skulen flytta familien til «Firdaheim». Familien fekk to heimar, ein i Lunden og ein på Røst. I 1968 flytta familien Kravik frå Nordfjord til Nissedal. I 1979 såg dotter og flyvertinne Anna Elisabeth ei annonse i BT der Firdakraft L/L skulle selje barndomsheimen i Ålfoten. Same året kjøpte Asbjørn Kravik bustaden og nytta den til feriebustad.
I 1990 overtok Anna Elisabeth huset og nyttar det i dag som heilårsbustad. Ho har sett inn nye vindauge etter kopi av dei originale og dei tre utedørene er handskorne etter kopi av dei gamle.

«Firdatun»
Huset hadde buande ingeniørar med namna Lund, Kvingan og Restad. I 1920 har to barn rissa inn alderen sin på veggen i kjellaren, 10 og 12 år. Mange har budd i huset og ei tid var huset utleigd til Vestlandske kraftsamband som bygde linjer i området.I 1979 kjøpte Anne Margrethe og Sivert M. Fauske «Firdatun» av Firdakraft L/L. Den hollandske taksteinen var då skifta med eternit og det var sett inn nye vindauge.
Fauske har fjerna eterniten, lagt ny takstein og sett inn nye vindauge. Opphavleg hadde huset to piper, i dag ein omn og ei pipe. Huset fungerer som heilårsbustad og er vinterisolert. Sivert arbeider som montør ved SFE.

«Myklestad»
I matrikkel av 1950 var Martinus O. Myklebust eigar av «Myklestad». Ekteparet Johanna og Martinus Myklebust hadde ingen born og nytta huset som pensjonat. Kunstmålar Harald Seim var ein av stamgjestane og opphalda vart kvittert med kunst. Johanna hadde arbeidd som tenestejente på Røst og vore på Svalbard og helst på Roald Amundsen. Martinus hadde tidlegare drive treverkstad saman med brørne sine og laga dører og vindauge til husa i Ålfotselskapet. På 1960-talet vart det sett inn nye vindauge merka Husmorvinduet 1961.
I 1993 kjøpte Olav Hatlemark og Inger Elin Myrvang huset av Bjarne og Brita Haugland. Huset hadde då vasskader og vart pussa opp. Huset vert nytta som fritidsbustad.

«Røsthaugen»
På «Røsthaugen» budde Petter August Hysing som var driftsleiar i Ålfot Interkommunale Kraftselskap frå 1919, i Ålfotselskapet frå 1928 og i Ytre Fjordane Kraftlag frå 1936 og fram til 1947.Han var busett i Ålfoten fram til 1931. Huset han budde i vart flytta til Nordfjordeid og nytta som systerbustad ved Nordfjord sjukehus.Murane stod att og eigar var Olav K. Myklebust, grunneigar av hovudbruket på Myklebust. I 1954 kjøpte Alv Nyvoll tomta og sette opp eit mindre hus på murane.

CC BY-NC 4.0 Husa på Røst av Inger Elin Myrvang er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Inger Elin Myrvang, 2008
Klassetrinn: 8.kl
Kjelder: "Lys og kraft til bygdenes behov" Leiv Nordstrand "Firdakraft 1947-1997 Frå vatn til kraft" Finn B. Førsund Munnlege kjelder :Alv Nyvoll, Anne Margrethe Fauske, Anna Elisabeth Kravik Alle fargefoto: Olav Hatlemark
Kommune: Ålfoten