Sidemeny+

Holmedal montessoriskule

Posted on 22. mai 2008 by in Skular og barnehagar

Foto: Eirin Hegrenesall-rights-reserved

Holmedal montessoriskule ligg i bygda Holmedal, ca. 8 km frå Askvoll sentrum

På Holmedal montessoriskule finn du ikkje elevane sitjande ved kvar sin pult og med kvar si bok. Elevane sit like gjerne på golvet eller ved gruppebord, og arbeider gjerne med perler eller kort.

Plassering i kart

Skulen
Holmedal montessoriskule er ein privat barneskule som ligg i Holmedal i Askvoll kommune. Undervisninga er basert på Maria Montessori sine prinsipp og metodar. Skulen vart starta i august 2005, då den offentlege skulen vart nedlagt. Elevane på skulen er delt inn i to grupper, 1. – 3. klasse og 4. – 7. klasse. Alle lærarane ved skulen er utdanna montessoripedagogar.

Skuledagen
Skuledagen startar 8.45 og då samlar elevane seg i gruppa si, på teppet i klasserommet. Her vert det gjennomgått kva som skal skje i løpet av dagen. Dagen er delt inn i to lange arbeidsøkter, frå kl. 8.45 – 11.15 og 12.30 – 14.30. I arbeidsøktene arbeider elevane med oppgåver dei har fått presentert.

Innhald i arbeidsøktene
Elevane har ein arbeidsplan å forholde seg til, og kan sjølve bestemme kva dei vil arbeide med på planen. På denne måten har dei fridom til å organisere arbeidet sitt sjølv. I den første arbeidsøkta arbeider elevane med praktiske og teoretiske oppgåver. Det er lagt opp til lange arbeidsøkter, for at elevane skal kunne finne den djupe konsentrasjonen, utan å verte avbrutt av friminutt. I den andre arbeidsøkta, er det i tillegg til framhald av arbeidsoppgåver, lagt inn praktisk/estetiske fag som mat og helse, kunst og handverk, musikk og kroppsøving.

Konkretiseringsmateriell i arbeidet
Ein viktig del i arbeidsøktene er konkretiseringsmateriellet elevane brukar. Dei første åra brukar elevane mykje sensorisk materiell som skal hjelpe dei over i meir abstrakt tenking. Elevane brukar ulike materiell frå 1. – 7. klasse. Spesielt i matematikk er det utarbeidd mykje materiell, som elevane på skulen brukar. I tillegg til dette utarbeider lærarane materiell i alle fag. Alle materiella har ein kontroll, slik at elevane sjølv kan finne sine eigne feil, og korrigere desse. Dette hjelper elevane til å bli sjølvstendige.

Ynskjer du å sjå ein kort introduksjonsfilm om montessorimateriell, klikk her. (Filmen er amerikansk)

Ein lang pause
I den lange pausen midt på dagen, frå klokka 11.15 – 12.30 samlar alle elevane på skulen seg, på kjøkkenet, til felles lunsj. Etter mat får elevane vere ute, og i gymsalen. På uteområdet kan elevane spele ulike ballspel i ballbingen, leike i naturområdet på baksida av skulen og elles andre frileik-aktivitetar.

Orden og ansvar
Orden er ein viktig del i miljøet på skulen. Alle ting har faste plassar, og klasseromma er inndelt etter fag og tema. Elevane har ansvar for å halde orden, og alle har faste oppgåver å utføre.

Kort film: Maria Montessori – Her life and Legacy.

Ynskjer du å vite meir om skulen eller om montessoripedagogikken, kan lenkjene nederst på sida nyttast.

CC BY-NC 4.0 Holmedal montessoriskule av Eirin Hegrenes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Eirin Hegrenes, 2008
Kommune: Holmedal