Sidemeny+

Historisk vandring på Slåtten

Posted on 7. mai 2008 by in Immateriell kulturarv, Pedagogikk

Foto: Kristine Espeland Horneall-rights-reserved

Historisk vandring på Slåtten skule

Slåtten skule ligg i dag på ein stad der det tidlegare vart driven ein gard. På garden Slåtten var det som på dei fleste gardane mange stadsnamn. Klasse 4a jobba hausten 2007 med å interpretere desse namna og historiene bak. Prosjektet var eit entreprenørskapsprosjekt som hadde som mål å auke elevane sin lokalkunnskap om nærområdet sitt.

Plassering i kart

Slåtten skule og gard
Slåtten skule ligg litt utanfor Førde sentrum i nærleiken av Sentralssjukehuset. Skulen var ferdig bygd til skulestart i 1994, emn har vore bygd på 3 gonger sidan det. Skulen er ein 1-7 skule med ca 360 elevar. Før skulen vart bygd var skuleområdet delar av gard. I generasjonar hadde garden Slåtten vore driven her, og mange historier har funne stad.

Eit entreprenørskaprsprosjekt
I enentreprenørskapsprosjektet som 4a gjennomførte, var målet å finne att dei gamle stadnamna i området, fortelje historiene rundt dei og byrje å bruke dei gamle namna att. Elevane nytta både fakta frå fylkesarkivet og gardbrukar Erik Slåtten, men dei nytta også ein del fantasi. Prosjektet munna ut i ein presentasjon av garden Slåtten, dette i ei historisk vandring for medelevar. Utkledde i gamle kledde og med utstyr som gjerdepålar, heimelaga fiskestenger og grønsaker fekk ungar og vaksne seg ein tur tilbake i tid.

Mini historisk vandring
Prosjektelevane fekk også sjølve oppleve ei historisk vandring på sin eigen skule. Det første dei møtte i prosjektet om stadnamn var ei «bondekjerring» som fortalde om dei ulike stadane. På løvollen fekk dei innføring i åkerdrift, i Reina historia om den fiskerike elva som rann der før, og på Røvåkeren vart det forsøkt å lokke fram reven. Garden hadde hatt ei eiga smie i Smiereina, her fekk elevane høyre historia om smeden som trekte tenner på kveldstid. På garden Slåtten var Urbandet arbeidssparande på den måten at gardsfolket ikkje trong lage gjerde opp under ura, Urbandet var eit naturleg gjerde mellom utmark og innmark. Krekemyra var den staden på garden som ikkje hadde noko dyrkbar jord.

Løvollen
Stadnamnet kjem av at det tidlegare sto ei gammal løe der som brann ned ein gong i første halvdel av 1900-talet. Dette var ein voll som tidvis vart nytta til potetåker. I Prosjektet fortalde elevane om dyrking av poteter, og dei delte ut smaksprøver på grønsaker til publikum.

Reina
I Reina rann det tidlegare ei elv med fisk i. Det er i dag skuleplass og tuntre der elva rann. Elevane kledde seg ut som fiskarar og fortalde ei fiskarhistorie frå Reina.

Urbandet
Urbandet er ura som skilde innmark og utmark på garden Slåtten. Kjelda fortalde at denne ura sparte Slåttenfolket for arbeid med å lage gjerde. Ura går som eit band i terrenget bak skulen. Elevane demonstrerte gjerdelaging ved Urbandet, dei viste på denne måten kva arbeid som ikkje trong gjerast.

Røvåkeren (Røvåkkren)
Kjelda hadde ikkje noko anna forklaring på stadnamnet enn at jorda på denne staden var noko meir raudleg på farge enn elles på garden. Publikum på historievandringa fekk her ei fantasifull historie om at det var mykje raudrev på Røvåkeren, og for å lokke den fram song dei ein gamal song om reven.

Krekemyra
Forklaringa på dette stadnamnet er at her var det ikkje dyrkbar jord, men eit myrområde. Fantasien vart godt teken i bruk på denne staden, elevane fortalde og dramatiserte om den gongen då to herrar skulle heim frå bryllaup i Angedalen. Det heile enda med at ein av dei rota seg opp i Krekemyra og vart aldri meir funnen. Dei fortalde også om påståtte surklelydar om nettene…

Smiereina
Det skal ha vore ei smie på denne staden langt tilbake i tid, derfor namnet. I den historiske vandringa var ein av elevane i Smiereina utkledd som smed. Dei viste med eit lite drama korleis smeden også trekkte ut tenner på folk.

 

 

CC BY-NC 4.0 Historisk vandring på Slåtten av Kristine Espeland Horne er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristine Espeland Horne, 2008
Kjelder: Gardbrukar Erik Slåtten (Munnleg kjelde) Fylkesarkivet (Kart) Wikipedia (Lenkjer) Prosjektrapport entreprenørskap av Kristine Espeland Horne
Kommune: Slåtten