Historisk vandring i Strandgata

På Kakebua kunne kafegjestane fiske ut glaset
Dei som har vore i Florø veit at Strandgata er ei trivleg gate med mange gamle hus. Dei seinare åra har restaurering og opprusting gjort at gata har fått eit løft. Breide fortau og brustein er med på å skape eit hyggeleg miljø. < ?xml:namespace prefix = o ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:office" />
Plassering i kart
Kvart hus har si historie< ?xml:namespace prefix = o ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:office" />
Florø by vart grunnlagt i 1860. Dei eldste husa i Strandgata vart bygde på slutten av 1800-talet. Kvart hus har si historie, det har vore endringar i bruk, eigarskifte, brannar og dramatikk. I Florø vil dei at folk skal få vite litt om denne historia, difor er det sett opp skilt på nesten femti av husa. Teksten er på norsk og på engelsk, så med desse skilta kan turistar og fastbuande ta ein historisk vandretur i den vakre gata.
Byparlamentet
Som einaste byen i fylket heilt fram til 90-talet, har Florø hatt sit eige «parlament». På Nordal Kafe, der bokhandelen er no, hadde det første byparlamentet sin tilhaldstad. Der møttes slagferdige karar med meiningar om mangt og mykje. Mange gode rykte hadde sitt utspring i parlamentet. I 1985 skulle lokalet brukast til leikebutikk, kafeen vart lagt ned og parlamentet flytta inn på Kakebua. Der fekk parlamentet besøk av statsminister Gro Harlem Brundtland. Dei meinte ho søkte råd, og delte raust og rikeleg.
Kakebua
Kakebua var ikkje berre kafé og tilhaldstad for parlamentet, Kakebua var også eit kysthistorisk museum. For folk i Florø var Kakebua eit kjennemerke for byen, det var nærast sorg i Florø då Kakebua vart lagd ned.
Eigedommen har vore ombygd og utvida i mange omgangar, dei første husa kom opp i 1862. Mange ulike aktivitetar har haldt hus der; røykeri, skipshandel, post, bank, avisredaksjon, engelsk konsulat, tollvesen, bakeri og konditori. I 2008 står eigedomen tom.
Utibyn og innibyn
I Florø snakkar folk no spøkefullt om «utibynarar» og «innibynarar», men dette var eit viktig skilje i på byrjinga av 1900-talet. På skiltet som står på rådhuset, kan vi lese at det var der grensa gjekk. Vidare kan vi lese at rådhuset vart bygd i 1903, då det var oppgangstider i byen.
Byvandring
Byvandring er populært i Florø. Tidlegare direktør ved Kystmuseet, Kristian Jansen, er ein kunnskapsrik og god forteljar som er mykje nytta ved slike høve. På nettstaden til Fylkesarkivet ligg ein video der Jansen tek oss med på ei virtuell vandring i byen.
Historiske bilete
Firdaposten, som er lokalavis for Flora, har samlingar med historiske bilete på nettsida si. Der er det mange foto frå byen og Strandgata, også bilete og lenke til film som visar Florø i sildetida.
Fotograf Horne har dokumentert lokal historie gjennom ei svært omfattande fotosamling. Fotografia er digitaliserte og er tilgjenglege i fylkesarkivet si biletsamling på www.fylkesarkiv.no
To byar med røter i 1860-åra
«Florø og Lillestrøm vart grunnlagde som følgje av rike naturressursar. Dei store sildeinnsiga til Sunnfjord var ei av hovudårsakene til at Florø vart grunnlagt. Lillestrøm oppstod fordi store tømmermengder og ein umetteleg etterspørsel etter trelast tvinga fram sagbruksindustri her. Begge vart etablerte omkring 1860».
Slik innleiar Nils Steinar Våge sin artikkel To byar med røter i 1860-åra. Dette er ein interessant artikkel som ligg på Skedsmo kommune sine lokalhistoriske nettsider.
-
På Kakebua kunne kafegjestane fiske ut glaset Foto: Bente Forfangall-rights-reserved
-
Hjørnevikbua vart bygd som sjøhus i 1870. I dag er det pub i 1. etasje og resturant i 2. etasje. Framfor bua står utflyttarmonomentet. Foto: Bente Forfangall-rights-reserved
-
Det var her byparlamentet hadde møteplassen sin Foto: Bente Forfangall-rights-reserved
-
Rådhuset markerte grensa mellom «utibynarar» og «innibynarar». Foto: Bente Forfangall-rights-reserved
-
Slik såg det ut i Strandgata tidleg på 1900-talet. Biltet er tatt før rådhuset brann. Biletet er henta frå Firdaposten si nettside med historiske bilete. Foto: Frå Firdaposten sitt arkivcbn
-
Vinterstemning i Ytre Strandgata før det vart bygd høge betongbygg. Det var då det var snø om vinteren. Bilete er henta frå Firdaposten Foto: Frå Firdaposten sitt arkivcbn
Historisk vandring i Strandgata av Bente Forfang er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.