Sidemeny+

Hestbakken i Jordalen

Posted on 5. mai 2008 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Hestbakken ligg eit stykke frå Øvstedalsvatnet med fin utsikt mot sela i Øvstedalen.

Det går ein gammal kløvjeveg ned til Preststølen frå Øvstedalen. I ei lita brekke i kløvjevegen ca 200m før osen av Øvstedalsvatnet og rundt 200m opp frå vatnet ligg det ei seltuft, 893 moh.

Plassering i kart

Ho ligg fint til oppe på ei leita slette med ein liten haug eller eit hall bak seg. Tufta er stor, det kan verka som det er 4 rom, to små i kvar ende og to større mot kvarandre. Kanskje har det vore to sel med kvart sitt skot i endane. Det skulle i så fall tyda på at to gardar har støla her på same tid.

CC BY-NC 4.0 Hestbakken i Jordalen av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, 2007
Kommune: Jordalen