Helleristingane i Ausevika
I Flora kommune er det mange historiske plassar. Helleristingane i Ausevika er ei av dei største og best bevarte felta med den type fortidsminner. På Vestlandet er det bare Vingenfeltet i Bremanger som er større. Du kan lese meir om Vingen her.
Plassering i kart
Kort om feltet
Ausevika ligg på strekninga mellom Eikefjord og Stavang i Flora kommune, og er eit av dei mest kjente og største områda med helleristingar i Noreg. Feltet vart oppdaga i 1932 av Tor Grønnevik. Noko som er spesielt for helleristingane i Ausevika, er at det er dyrefigurar og geometriske figurar om kvarandre (H. Stavang: Flora. Kulturhistorisk vegvisar). Feltet er på over 1500 kvadratmeter og det er registrert meir enn 300 figurar. Dei trur det ligg fleire figurar som enno ikkje er avdekka på feltet.
Helleristingane i Ausevika
Helleristingar er forhistoriske bilete som er hogd eller slipt i stein eller fjell. Motiva er stort sett frå jakt, fangst eller sanking, og menneska trudde dei hadde magisk betyding med å gje jaktlykke.
I Noreg deles helleristningane som regel inn i to hovedkategoriar; veideristingar og jordbruksristingar. Veideristingane kan daterast til Steinalderen, medan jordbruksristingar kan daterast til bronsealderen. Dei framstiller som regel scener med rein, elg, bjørn og fisk, sjølv om abstrakte symbol også forekommer.
Figurane i Ausevika viser mennesker, dyr og abstrakte figurar. Hjort er det som er oftast avbilda, noko som viser at den var viktig for menneska som levde i området i steinalderen. Figurane på feltet er datert til mellom 4000 f.Kr. til 5000 f.Kr. Tolking av figurane er vanskeleg. Dyrefigurane vart sikkert laga for å få betre jaktlykke og/eller takke for god fangst. Dei meir abstrakte figurane var kanskje solsymbol og fruktbarheitssymbol.
Det er ikkje umogeleg at menneska som laga helleristingane i Ausevika brukte steinreiskap frå steinbrotet på Stakaldeneset.
Vestnorsk Bergkunssenter
Det er begynt på eit senter i Ausevika som skal gjere helleristingane meir og lettare tilgjengelege, samtidig som det skal bidra til bevaring av området. Kor tid dette skal åpne er enno ikkje heilt klart. Du kan lese meir om dette her.
Helleristingane i Ausevika av Bjørn-Henrik Knapstad er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.