Sidemeny+

Havhest Fulmarus glacialis

Posted on 27. mai 2008 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Havhest

I Sogn og Fjordane finn ein få havhestar som hekkar. Likevel kan ein treffe på denne fuglen langs kysten, der han streifar langt etter mat til ungane sine i hekkeperioden.

Litt om fuglen
Havhest er ein stormfugl som hekkar i Norge. Han liknar mykje på måsane, men er ikkje nær i slekt med dei. Han er 48 cm lang og har eit vengespenn på 100-117 cm. Havhesten blir gamal og har låg reproduksjonsrate (blir seint kjønnsmogen og legg berre eit egg pr sesong). Han vert kjønnsmogen fyrst etter 10 år. Dei vaksne fuglane greier seg godt og nokre kan bli opp til 50 år gamle.
Havhesten lever av fisk og fiskeslo. Dei flyg ute over havet mesteparten av tida, bortsett fra i hekkeperioden. Legg egget i ei grop, gjerne utilgjengeleg i bratte fjellveggar. Begge foreldra bytes om å ruge i ca 50 døgn. Dei fyrste 14 dagane etter at ungen er klekt, er alltid ein av foreldra ved reiret og vernar ungen. Seinare reiser begge foreldra på næringssøk, langt til havs.
Både ungen og den vaksne havhesten kan spytte ein oljeaktig substans på dei som kjem reiret for nær. Dette stoffet luktar svært dårleg og skremer intrengjarane langt bort frå reiret.
Som andre stormfuglar, er dei dårlege å ta seg fram på land, men dei er svært gode flygarar. Dei er kraftigare enn måsane og dei flyg med stive vingeslag.
Havhestbestanden var i vekst i forrige århundre, men går no tilbake i antal. Klimaendringane og mindre tilgang på fiskeslo frå kommersielt fiske kan kanskje vere årsaka.

CC BY-NC 4.0 Havhest Fulmarus glacialis av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2008
Kjelder: Norsk polarinstitutt og Wikipedia
Kommune: Runde