Sidemeny+

Handadalen

Posted on 6. mai 2008 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Me ser ned i Handadalen der dei to seltuftene ligg på venstre side av elva litt nedanom snøfonna over elva.

Dette var ein fjellstøl som høyrde til Dyrdal Otter¬hjell gnr 43 bnr 1 og bnr 3 (Flæte) støla her i 1935. Elles blir det sagt at det var bruk nr 2 på Otterhjell som leigde denne stølen.

Plassering i kart

Terrenget Handadalen er ein heller trong og bratt fjelldal med høge fjell og svaberg rundt. Stølsvegen gjekk opp Jordalsskar, forbi Øvste Snauasetvatnet og vidare bortover lia til ein kom til Vardane der nedstigninga til Handadalen byrja. Handadalen var nok ikkje den beste beiteplassen for krøtera. Elva i dalen vaks også uvanleg fort opp under regnver, og det kunne føra til at viss beisti reiste over elva om morgonen, så kunne det gå gale når dei skulle over att om kvelden. Otterhjell miste ei kyr på denne måten, elva tok henne. Å skaffa seg ved var heller ikkje lett. Fjellbjørki vaks på andre sida av elva. Der var det eit djupt og stort gjel å komma over. Difor strekte dei ein streng over gjelet og drog veden over på den. Ein gong heimefolki kom etter kløv, gjekk hesten utfor vegen i den bratte lia ned til stølen, Handadalsnovi. Hesten fall heilt ned i elvegjelet og slo seg i hel. Det blir sagt at det var etter denne hendinga dei slutta å støla her. Selbøen. I dag viser det murar etter to heller store bygningar i Handadalen. Begge tuftene er doble, kanskje har det vore sel med fjøs ved sida av. Murane øvst i dalen er tydelege og dette er nok det selet som sist var i bruk av Otterhjell. Innåt sida som vender nedover er det også murar etter ein mindre bygning. Den andre tufta er mindre synleg og truleg eldre. Denne ligg rundt 50 m frå den første og også denne er dobbel. Om det er folk i Fresvik som har hatt sel her, eller det er folk frå Dyrdal er det ingen som veit i dag. Ein hard tur Jo (1887-1975) og Botolv (1876-1952) Otterhjell støla i Handadalen. Ein gong var Jo ute på stølen for å ta med seg kløv heimatt. Men då han sto opp om morgonen, fann han ikkje merra att. Han hadde ikkje ete, men han tenkte at ho hadde vel ikkje gått så lange stubben, så han ville henta ho før han gjekk innatt. Han rekte faret etter ho, men merra hadde teke beinvegen heimatt, så han nærma seg Skar før han nådde ho att. Så bar det rett til Handadalen att med dei. Ein lang tur utan mat! Leige Grunneigarane i Dyrdal skulle ha smør i leige for stølen. Stølsfolka var difor nede i Dyrdal med hamnesmør som dei kalla det, før dei drog heimatt om hausten. Berre murane er att Selet i Handadalen var bygd av solid og godt tømmer. Medan dei bygde selet overnatta dei under ein hidler på andre sida av elva, denne plassen kalla dei Legehammaren. Etter kvart vart torvtaket på selet dårleg, og Otterhjell la då bølgeblekk på taket. Då Otterhjells-folki slutta å støla, spurde ein gardbrukar i Dyrdal om han kunne få bylgjeblekket og bruka det nede på garden sin, Det fekk han lov til, og dermed var Handadalsselet sine dagar talde. Me veit at i 1945 var det framleis tak på selet. No ligg det att berre litt treverk mellom murane. Steinring Like før ein kjem til øvste Snausetvatnet, kjem ein til ein steinring like ved vegen på venstre side. Ringen er oval, 6-7 m på det lengste og 4-5 m brei. Han har ei enkel steinrast med steinar sette ned i bakken. Dette er truleg den einaste steinringen me kjenner til i våre fjell. I Sendebotn i Aurland kommune finst det fleire slike ringar. Ofring Dei som støla i Handadalen og på Snauasete fylgde same stølsvegen. Per H. Bøthun fortel fylgjande: Ein gammal mann som no er over 70 år (skrive rundt 1950-60) har fortalt meg at ved denne stølsvegen låg det ein stor stein som dei skulle ofra til. Han fortalde at då han som liten gut fylgde bestefaren denne vegen, la han alltid ein liten stein oppå denne store steinen. Han ville ikkje seia noko særleg om kvifor han gjorde det, men ymta om at dei kunne no halda rekning med kor ofte dei gjekk denne vegen. Men når andre også la steinar der, så kunne dette vel ikkje vera til noka hjelp såleis.

CC BY-NC 4.0 Handadalen av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, 2007
Kjelder: Stølsregistreringa av 1935 Bygdebok for Leikanger bind I Olav Otterhjell: Litt um stølsbruket i Fresvik Gjertrud og Lars Hatlelid
Kommune: Fresvik