Hagevik Tønnefabrikk
Skulle det hende at du kjem køyrande mot Osmundsvågen i Vågsøy, så ta av deg hatten og hels når du passerer ei kvitmåla trebud som breier seg mot Ulvesundet. Det er nemleg ein storheit du har truffe på. Med eit løyndomsfullt smil i dei havsalta kledningane, kan han fortelje deg om fagarbeid og kvardag gjennom meir enn hundre år, dersom du tek deg bryet med å stige over dørstokken.
Plassering i kart
Hagevik Tønnefabrikk ligg i Vågsøy kommune, ca 8 km nord for Måløy, på fastlandssida. Tønnefabrikken blei freda i 1994 og står no, som den einaste tønnefabrikken i landet, i Riksantikvaren si «Verneplan for tekniske og industrielle kulturminner». Der finn vi óg Kongsberg Sølvverk, Telemarkskanalen, Salhus Trikotasjefabrikk, Løiten Brænderi og Røros Kobberverk
Eigarane
Henrik Gillesvik bygde tønnefabrikken i 1904, og etterkomarane hans eig framleis fabrikken. Det er den best bevarte tønnefabrikken i landet. Før siste verdskrigen var det tønnefabrikkar langs heile norskekysten, over 30 her i fylket. Bygningen, slik vi ser han i dag, blei sett opp etter at den første brann ned i 1921. Henrik dreiv produksjon av tønner i stor skala fram til han slutta i 1966. Sønene hans, Olav og Peder Gillesvik, dreiv fabrikken vidare fram til 1986, men då i litt mindre målestokk.
Produksjon
Det rike sildefisket utanfor kysten av Sogn og Fjordane gjorde at det blei eit stort behov for tønner. Silda kom i svære mengder, og det var umogeleg å få ete ho opp like fort som ho kom inn. Difor var lagring einaste alternativet, og før fryserommet si tid, var salting av sild det einaste brukbare alternativet. Islandssildefisket om sommaren i 1950-åra hadde heller ikkje vore mogleg utan tønner. Fabrikken i Hagevik hadde si beste tid under første verdskrigen då engelskmennene kjøpte alt dei kom over av norsk fisk.
Slutt i 1986
Ny fryseteknologi gjorde etter kvart slutt på trongen for sildetønner, og då silda forsvann sist på 1950-talet, slutta dei fleste tønnefabrikkane langs kysten. For å overleve, måtte Peder og Olav tilpasse produksjonen av tønner slik at dei i tillegg til den tradisjonelle sildetønna også laga tønner til lagring av tran, halvtønner, krabbetønner, linestampar og andre kar og stampar av ulik størrelse. Tønna blei òg brukt til oppbevaring av mat (mjøl, poteter, kjøt, øl og andre matvarer), vaskestampar, badestampar osb. Etterkvart overtok kjøleskap, fryseboksar, vaskemaskiner og moderne sanitærutstyr for tønnene og stampane.
Idag
Det er brørne Per Henrik og Magnar Gillesvik og fetteren Arne Gillesvik som står bak prosjektet med å bevare Hagevik Tønnefabrikk. Magnar Gillesvik held bøkkerfaget i hevd «på si». Maskiner og verktøy frå 1960-talet er intakt, og dei har også fått maskiner frå to nedlagde tønnefabrikkar i Dale i Sunnfjord. Med midlar frå «Den kulturelle skulesekken», får alle 7. klassingane i Vågsøy kome på omvising i fabrikken, og Magnar viser dei heile produksjonslina frå stavar til ferdig tønne. Kvart år har dei óg hatt ein open dag, der mange gjester vitnar om stor interesse for denne delen av den nære industrihistoria vår.
Planane framover
I ein artikkel i Fjordenes Tidende 2. mai 2008, i samband med at dei fekk overrekt 200 000 kr frå Sparebanken Sogn og Fjordane, fortel dei om framtidsplanane for anlegget. Dei ønskjer å lage til ein parkeringsplass på nordsida av bygningen, samt eit kjøken og eit publikumstoalett. Dei ønskjer også å samarbeide med andre kulturinstitusjonar i Vågsøy kommune, som for eksempel Kråkenes fyr, Ulvesund fyr og Vågsberget.
Hagevik Tønnefabrikk av Toril Osmundsvaag er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.