Gründaren Jonas Løland

Loftnesferja på land
Bondeguten Jonas Løland hadde arbeidd som anleggssmed m.a. på Rjukan og i Årdal. I 1914 kom han heim og saman med Lasse Ness bygde han ei lita smie ved fossen i Bøelva. Her produserte dei m.a. trillebårer, vognhjul og turbinar til småkraftverk.
Plassering i kart
Dreiv tønnefabrikk
Ei tid dreiv dei også tønnefabrikk. Frå 1918 var Jonas åleine om drifta. Same året bygde han i samarbeid med Knut Wolff og Eivind Bekken den første slippen ved elvemunningen i Leirvik og starta vedlikehald og reparasjon av fiskebåtar.
Bøelva før kraftverket vart bygd. foto utlånt av Audun Aas, frå boka Skipsverftet ved Sognefjorden
Familieverksemd med far og søner
I 1928 bygde Jonas Løland kraftverk ved fossen i Bøelva. I tillegg til drift
av eigne maskiner, leverte kraftverket straum til
fleire husstandar i Leirvik. Samstundes bygde Løland ny verkstad, slipp og kai på Indre Bø; Løland Motorverkstad. Etter kvart vart dei seks sønene Anton, Nils, Harald, Johannes, August og Magnus Løland tilsette i verksemda. Harald og Johannes omkom ved arbeidsulukker på slippen i 1927 og 1928.
Bygde småkraftverk
Den fingernemme Jonas laga mykje av utstyret då verksemda starta med elektrosveising tidleg på 1930-talet. Det viktigaste produktet i åra før og etter andre verdskrig var vassturbinar, regulatorar og småkraftverk. Løland leverte turbinar og andre delar til meir enn 50 kraftverk kringom i fylket. Fleire stader bygde dei òg heile kraftverket. Lølands-karane reiste sjølve rundt og monterte anlegga.
Andre produkt
Dei produserte også kabelbaner for tømmertransport og fabrikkmaskiner m.a. til Åsnes Skifabrikk og Helle Knivfabrikk.
Skipsverft
Den første båten som vart bygd ved Løland Motorverkstad var «Loftesnesferja» i 1938.
Dette var ei flatbotna ferje på 15 meter som hadde plass til fire bilar og vart dregen over Loftesnessundet i Sogndal med kabeltrekk. Loftesnesferga vart avløyst av bru over sundet i 1958.
Bilferjer til FSF
Frå 1956 vart Fylkesbaatane ein av dei største kundane til Løland Motorverktad: Dei første Fylkesbaat-skipa var lokalbåtane «Hennøy», «Vågsøy» og «Tansøy», bygde i åra 1956-1959. Den første større ferga var «Bjørgvin», levert i 1962, og sidan har Løland bygd ei mengd ferjer til dette og andre rutelag. I 1958 fekk beddingen på Bø overbygg.
Då grunnleggjaren døydde i 1960, endra verksemda namn til Løland Motorverkstad, Jonas Lølands Søner. I 1969 vart det aksjeselskap med nytt namn: Løland Verft A/S med Magnus Løland som dagleg leiar.
Verftet flyttar til Kjøreneset
I 1975 starta bygging av eit nytt skipsverft med overbygd tørrdokk og djupvasskai på Kjørneset ved innløpet til Bøfjorden. Tørrdokka måler 130×20 meter og kan delast slik at ein kan byggje nye skip i indre delen og ta inn fartøy for reparasjon i den ytre delen mot sjøen. Over dokka er det montert store traverskraner, og den store kranen på utrustingskaia vart kjøpt brukt i Sverige og frakta heil på ein stor lekter til Leirvik.
Kostnadssprekk og konkurs
Anlegget var opphaveleg kostnadsrekna til 20 millionar kroner. Men då skipsverftet vart teke i bruk i 1978, var prislappen 42,8 millionar kroner. Løland fekk økonomiske vanskar og gjekk konkurs i 1979.
Magnus Løland tok kontakt med båtbyggjar John Kleven i Ulsteinvik, og saman med Fylkesbaatane og Lølands-familien skipa dei selskapet Kleven Løland A/S. Kleven Mek. Verksted eigde 65 prosent, Fylkesbaatane 25 prosent og Løland-familien 10 prosent av aksjane. I 1986 overtok Kleven aksjane til Fylkesbaatane. I 1990 gjekk Kleven-gruppa inn i Kværner-konsernet, og verftet fekk namnet Kværner Kleven Leirvik A.S.
Frå Kværner til Havyard
Då Kværner-konsernet kom i økonomiske vanskar i 1999, vart verfta i Florø og Førde overtekne av Kleven-familien, medan Leirvik-verftet vart seld til selskapet Havyard, eigd av Per Sævik i Fosnavåg og familien hans.
- Loftnesferja på land
- Gamle verkstaden
- Kraftstasjonen i Bøelva
- Den første smia ved Bøelva
Gründaren Jonas Løland av Simen Solheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.