Sidemeny+

Grindhus for små friskusar

Posted on 8. mai 2008 by in Pedagogikk

Foto: Øivin Monsenall-rights-reserved

Grindhuset på Torvmyrane skule ein vakker maidag i 2008. Det har enno ikkje fått den rette patinaen

Hausten 2007 bretta friluftsgruppa i barnehagen på Torvmyrane skule saman den medtatte lavvu’en dei brukte som base og flytta inn i eit anna tradisjonsrikt bygg: Då stod nemleg eit fullt ferdig grindhus klar til å ta i mot dei. No fyller 5-åringane den eldgamle hustypen med liv og lått.

Plassering i kart

Gammal skikk, ny bruk

Namnet Torvmyrane skule er ikkje tilfeldig. Frå gammalt av blei det nemleg skore torv fleire stader oppe i Brandsøyåsen. Der Torvmyrane skule ligg, stod det ei utløe til tørking og lagring av torv. Denne løa var bygd som uthus flest på Vestlandet – eit grindhus. Leif Bjarte Berge, lærar i kunst og handverk på Torvmyrane og oppvaksen i nabolaget, hugsar enno torvløa. Då friluftsgruppa trengde nytt hovudkvarter valde vi difor å byggje grindhus.

Verst å gjera til lags er ein snikkar

Nedre Jølster Bilelag produserte og reiste sjølve grindkonstruksjonen. Leif Bjarte Berge og vaktmeister Kjell Kittang fullførde bygget etter alle kunstens reglar, godt hjelpte av Kriminalomsorg i frihet. I august same år, med det same Johnny Rognsøy hadde lagt siste hand på skifergolvet, steig 5-åringane over dørstokken.

Den gong, no

Byggjing med grinder eller stavar er så gammalt at teknikken ikkje let seg tidfeste. På Jæren har ein funne restar av slike konstruksjonar som er minst 3000 år gamle. Grindhusa er spesielle for Vestlandet, og tradisjonen har overlevd like til vår tid. Den ser ut til å få sin renessanse no, og dei første kommersielle verksemdene har dukka opp, t.d. Norske grindehus i Hyen.

Sjå – det står av seg sjølv

Den berande konstruksjonen er grinder som blir reiste etter kvarandre. Ei grind er to vertikale stavar bundne saman av ein bete. Skråband mellom stav og bete stivar av grinda. Grindene er kopla til kvarandre med stavgjeler, som stivar av konstruksjonen i lengda og er støtte for taksperrene. Talet på grinder avgjer lengda på huset. Huset vårt har tre grinder, og er på 30 kvm. Stavane er ikkje sette ned i bakken. Dei står laust på grunnen, og vekta held huset på plass. Det er for di det fuktige klimaet og jordsmonnet på Vestlandet etter ganske få år ville fått stavane til å rotne om dei stod i jorda.

Sikk, sakk, det drypper på tak

Ytterkledningen er ubehandla treverk. Den skal kunne halde lenger enn kledning som blir t.d. beisa regelbunde. Men det føreset at kledningen er skoren på rett måte. Borda må skjerast slik at vassgjennomtrenginga går minst mogleg frå breisida og inn, men i staden på tvers. Leif Bjarte Berge skar sjølv kledningen, og vende stokkane før skjering slik at dette blei rett. På taket valde vi å bruke opp att gammal skifer frå det nedlagde meieribygget i Florø.

Gammal, eldre, eldst…

Grindhuset vårt har ærverdig naboskap: Like ved står gamma vi bygde i gammal tradisjon hausten 1998 då Torvmyrane skule blei tatt i bruk første gong. Denne typen bygg er endå eldre enn grindhuset.

CC BY-NC 4.0 Grindhus for små friskusar av admin er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Øivin Monsen, 2008
Kjelder: Leif Bjarte Berge, Nedre Jølster Bilelag
Kommune: Florø