Gravhaugane på Nordfjordeid

Ved Nordfjordeid sentrum ligg det ein gravhaug som vert kalla Rundehågen. Her er det funne restar etter eit menneske, og restane etter det kjende Myklebustskipet.
Gravhaugane på Nordfjordeid har gjeve oss mange svar og opplysningar om korleis ein levde her i vikingtida. Like ved Eidsgata ligg det ein godt synleg gravhaug som vert kalla Rundehågen. I denne gravhaugen vart det i 1874 funne restar etter eit vikingskip og eit menneske. Både skipet og mennesket var brent. Lokalt vert gravhaugen kalla «Rundehogjen».
Plassering i kart
Maktsenteret i Nordfjord
I åra frå 600 til 1000 e.Kr. ser det ut som at maktsenteret i Nordfjord låg på Nordfjordeid. Naturleg gode føresetnader skapte grunnlag for makta. Her var vide lettdyrka jordbruksområde, lett kommunikasjon over land og kort avstand ut til kysten. Nordfjord ligg også midt mellom Bergen og Trondheim, samstundes som at sjøvegen til Island frå Noreg, er på det kortaste her.
Storgarden Myklebust
I Nordfjord har det vore gjort store arkeologiske funn frå heile vår forhistoriske tid. Nokre av dei rikaste fornfunna som er gjorde på Vestlandet, vart gjorde på den tidlegare storgarden Myklebust på Nordfjordeid på 1840-talet. På garden Myklebust sat ei mektig slekt og kontrollerte handel og samferdsle over store område. Den siste av dei som vart gravlagde etter heidensk skikk på denne garden var truleg ein småkonge.
Gravhaugane skulle dominere då ein såg dei frå fjorden, og på denne måten vise at her heldt rike folk til. I gravhaugen Rundehågen vart det i 1874 funne restar av ei brend båtgrav frå slutten av 800-talet. Ved å sjå på størelsen på naglane som vart funne, kan ein rekne ut om lag kor stort vikingskipet var.
-
Ved Nordfjordeid sentrum ligg det ein gravhaug som vert kalla Rundehågen. Her er det funne restar etter eit menneske, og restane etter det kjende Myklebustskipet. Foto: Håvard Sandviknescbn
-
Rundehågen sett frå riksvegen. I bakgrunnen ser ein Nordfjordeid sentrum. Foto: Håvard Sandviknescbn
-
Rundehågen sett frå Eidsgata. I bakgrunnen ser ein storgarden Myklebust. Foto: Håvard Sandviknescbn
- Sjøvegen Noreg – Island er på det kortaste ved Nordfjord. Det var derfor mange som begynte båtturen herifrå. I denne samanhengen var Nordfjord meir sentralt for 1000 år sidan, enn kva tilfellet er no.
Dei ulike gravhaugane
På garden har det lege ein stor gravplass med fem store haugar som vi kjenner til. Det kan ha vore fleire gravhaugar her. Vidare viser samnlikningar med andre rike gravfunn i Noreg at Myklebust var sete for rike og mektige ætter. I mellomalderen høyrde Myklebust til Nordfjordgodset som ei tid også var eigd av baron Audun Hugleikson frå Jølster.
Dei fem gravhaugane inneheldt minst 11 graver. I fire til fem slektsledd vart utvalde menn og kvinner gravlagde her. Gravfeltet viser karakteristiske variasjonar i gravskikk mellom brent og utbrent gravlegging, mange vart gravlagde i båt. Ved Rundehågjen har folk også vorte gravlagde i flatmarksgraver, men desse er det ingen synlege spore etter på marka.
Gravhaugane på Nordfjordeid av Håvard Sandviknes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.