Geoatlas-publisering og nærmiljøet
Selje skule ligg ganske midt i bygda. Men sidan staden ikkje er større enn han er, har vi gode læringskjelder ganske nær oss. Dei kan passast inn i svært mange fag.
Det vart ein gong helde eit ungdomsseminar med tema frå kva som finnest i heimstadkommunen. Ein ungdom frå Selje reiste seg og sa: «Det finnest ingenting i Selje. Eg er glad eg kom meg derifrå». Dette overraska, og var litt trist. Men kanskje ein kan lære kjærleik til heimstaden?
I dag har nok ungdomane større behov for å oppleve verda enn tidlegare. Gjennom media har dei vorte meir nyfikne enn enn nokon generasjon tidlegare. Sidan media har vorte utvikla i urbane strok, er det naturleg at dei også speglar det urbane. Så ungdomane trekk inn mot dei store sentra, ut frå kva dei har fått presentert.
Unge menneske vil prøve vengane sine. Dei vil ha sine opplevingar, ta utdanning, og danne nettverk både sosialt, organisasjonsmessig og i yrkessamanheng.
Men så kjem tida for å etablere seg. Gåsa, katten og hanen, flytte herifrå, og kom til kongen i København der dei kunne bli til noko. Heimbygda hadde ikkje grunnlag for å verdsetje spesialkompetansen til dei tre.
Men slik er det ikkje no lenger. Har du tilgang på Internett og breiband, er du midt i verda. Kanskje ungdomane må ut for å skaffe seg kompetanse og nettverk, men kva etterpå, når dei skal etablere seg? Det finnest mange døme på slike som kjem heim att og startar opp si eiga bedrift ved hjelp av Internett.
Utfordringa for skulen og heimbygda er å gje elevane innsyn i kvalitetane. Og desse kvalitetane må formidlast. Gjerne på Internett. Og det er ingen andre som kan formidle dette utanom dei som er her i frå, som kjenner dei.
Geoatlas er eit publiseringsverktøy som passar godt for skuleelevar heilt ned på mellomsteget. Vi har kasta oss ut i det, og vil gjerne dele våre tankar om potensialet. Programmet har litt småfeil. (Mellom anna fungerer ikkje alltid «ekstra omtale»-funksjonen, slik at eg i staden linka vidare til ein ny, omfattande artikkel) Men det gjev oss eit imponerande handlingsrom. På Selje skule vil nok Geoatlas verte mykje brukt framover.
Geoatlas-publisering og nærmiljøet av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.