Gardskverna

Kvernhuset sett utanifrå med slok og kvernkall
Vassdrivne kverner kom i bruk i Noreg allereie i mellomalderen. Vasskvernene var eit stort framsteg og gjorde kvardagen enklare for mange bønder. Å vere eigar av eit kvernhus med jamn tilførsle av vatn var ein skatta herlegdom på ein gard.
Plassering i kart
Kvernkallen og sloket
Vasskverna er driven av ein kvernkall. Kvernkallen er ein loddrett stokk med skovlar nedst. Sloket, eller vassrenna, leier vatnet slik at det strøymer på skovlane og får kallen til å rotere. Øvst går kvernkall-stokken gjennom understeinen og er festa til oversteinen slik at den snurrar rundt med kvernkallen. Malinga skjer ved at understeinen ligg stille medan oversteinen går rundt. Slik vert kornet knust til mjøl mellom steinane.
Inne i kvernhuset
Over kvernsteinane er det ein kasse til å ha kornet oppi. Han vert kalla teina. I tilknyting til denne teina er det ei tre-renne som heiter skoen. Frå skoen går det ein «arm» med ein lang trekjepp i som har namnet skaketeinen eller skakvonden. Kornet renn av seg sjølv frå teina og ned i skoen. Når kverna går, hoppar skaketeinen på den ru overflata på oversteinen og får kornet til å drysse ned i opninga midt i kvensteinen, kvernauget. Der kjem det mellom steinane og vert male og kjem ut frå steinane som mjøl. Rundt steinane er det og ein ring av tre som samlar opp mjølet. Framme i ringen er det ein opning, og gjennom den dryss mjølet ut og ned i mjølkista.
Innstillingane på kverna
Lettetreet på sida av steinane er ein kile som vert brukt til å heve og senke kvernkallen og samstundes oversteinen. Ein kan på den måten stille inn kor fint eller grovt ein vil ha kornet male. «I gamle dagar», om ein skulle bruke kornet til ølbrygging, stilte ein steinane litt frå kvarandre slik at det berre vart grovmale, og aller helst berre delt i to. Til brødbaking var det vanleg å male kornet til så fint mjøl som mogleg, medan ein til graut kunne nytte ein mellomting.
Sjå og andre relaterte geoatlasartiklar om kvernstein i Hyllestad:
Kvernsteinshogging på Rønset, Kvernhuset i Systaddalen, Kvernstein i Hyllestad og Vassbruksmiljøet ved Skorsfossen.
- Kvernhuset sett utanifrå med slok og kvernkall
- Kvernkallen
- Kornteina, stille, skakearmen, skoen og kvernsteinane. Mjølkista i framgrunnen
- Inne i kvernhuset. Nedst til høgre ser du lettetreet
Gardskverna av Kristian Hjelle er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.