Sidemeny+

Fureberget i Flåm – ei turperle

Posted on 21. mai 2008 by in Geologi, Pedagogikk

Foto: Anders Mocbn

Frå Fureberget mot nord

Mellom elvegjel og myr i Flåm ligg eit inspirerande vakkert turterreng som er merkt frå istida og som innbyr til uvanleg vakre og interessante naturopplevingar

Plassering i kart

Mellom elvegjel og myr

Frå Fretheim til Flåm er dalen vid og flat, men like ovanfor Flåm kyrkje sperrar Furuberget den opne dalen. Flåmsbana går tvers igjennom berget i sin nedste tunnel, medan Flåmselva har arbeidd seg veg gjennom det tronge Flåmsgjelet på nordvestsida av dette fjellpartiet for å komma forbi. I vest opnar Flatedalen seg sør for Rjoandefossen, og i aust går berget stupbratt ned i Sokkamyri og terrenget mot Juvselvi.

Turterreng

Flåmsbygda manglar ikkje turterreng, men Fureberget står fram som ei perle for turgåande. Noko fjell av dimensjonar er det ikkje med sine knappe 240 meter over havet på det høgste. I utstrekning er det òg beskjedent, ein god kilometer på lengda og vel det halve på breidda. Men det er spennande! Her finn ein variert skogsterreng, opne parti, stiar, myrar, fantastisk utsyn, enorme steinblokker som har rasa ut og store jettegryter.

Jettegrytene

på Fureberget vart danna under siste istida, av vatn under isen som sette stein og grus i roterande rørsler. Dette grov heil- og halvsylindriske former i det mjuke fyllittberget. Dei største jettegrytene, med diameter mellom 10 og 14 meter, er samla i Svartaholet, eit om lag 100 meter langt gjel som stig frå sørvest til nordaust. Dette var òg retninga vatnet følgde under gravearbeidet, pressa fram og opp av den tunge isen. Like ved toppen av berget, i det austlege framhaldet av eit stup som går i same retning som Svartaholet, ligg ei anna samling jettegryter.

Orienteringskartet

over Fureberget vart laga for Flåm skule av Sogn og Fjordane Orienteringskrins i 2001. Under arbeidet med kartet, vart det konstruert to nye kartteikn for å forklara to geologiske fenomen som var uvanlege i O-kartsamanheng: Jettegryte og Enorm stein. Orienteringskartet viser tydeleg at høge skrentar og stup, gjel og furer har gjeve berget sitt rette namn. For den som er ukjend i terrenget, gjeld det å ta seg fram med varsemd.

Den korte turen

kan gjerne starta frå sandtaket i Leina, den nordre inngangen til kartområdet. Her følgjer stigen i austkanten av eit barskogfelt, vidare opp under enorme steinar til brua som kryssar jernbana. På sørsida av brua går turen inn i eit eventyr av ein lauvskog, og stigen tek deg opp mot Sokkamyri. Vegen vidare går oppå skrenten på vestsida av myra fram mot Hagaleet der stigen snur nordover og opp på flaten mot stigdelet. Den som ynskjer kort tur, kan ta stigen vestover, ned gjennom lauvskogen mot Pålsberg og vidare gjennom barskogsfeltet til hovudvegen gjennom Flåmsdalen like sør for Rjoandefossen.

Den litt lengre turen

er for dei som vil ha med seg jettegrytene. Frå stigdelet følgjer ein då stigen nordover og gjennom skogen, før ein når att stigen i opnare landskap. Har ein først nådd jettegrytene, bør ein ta turen over høgdedraget mot utsiktspunktet på nordsida. Enklaste ruta ned, går i det vestvende søkket like nord for stupet som endar oppe ved jettegrytene. Etter å ha følgd stigen ned søkket og nordover mot det dyrka feltet aust for traktorvegen, finn ein Svartaholet på stigning i nordaust. Med respekt for beitande dyr, innmark, gjerde og grindar, blir det ein minnerik tur!

CC BY-NC 4.0 Fureberget i Flåm – ei turperle av Anders Mo er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anders Mo, 2008
Kjelder: Aarseth, Inge/Braanaas, Theis/Henriksen, Helge: Rallarvegen - Geologi og landformer. Skald Leikanger2006 Jorunn Heggdal, Bygdevert i Flåm Reidun Borlaug, Flåm
Kommune: Flåmsdalen