Sidemeny+

Fugleliv i Stryn sentrum

Posted on 18. mai 2008 by in Landskap, Pedagogikk

Nær Stryn sentrum, ved sida av Vipevegen, ligg Kjeldevatnet. Det er er eit verna våtmarksområde som ligg mellom industriområdet i sentrum og bustadsameiget på Kjeldeflata. I og rundt området er det eit yrande fugleliv frå midten av april kvart år.

Plassering i kart

Kva anna fins i området?
Området har også eit rikt og mangfaldig plante-, insekt- og dyreliv, som elevar og lærarar ved Stryn Vidaregåande skule ofte er ute og ser nærmare på. For å kome nær inn på fuglelivet, har dei fått bygd eit fint fugletårn med godt innsyn inn i sjølve området der fuglane held til.

Uteskule
Tonning Skule som ligg like i nærleiken, nyttar området som eit uteskuleområde. Det same gjer Stryn vidaregåande skule og ungdomsskulen. Nokre av elevane på skulane, forskar på livet i denne interessante og spesielle biotopen som ligg så nær busetnad, skular og industri.

Tonning skule:
Barneskulen som også ligg ganske nær, på eit område som heiter Tonning, brukar området ein god del om våren. Klassesteg og grupper frå Tonning skule tek kvårt år turar ut i området, spesielt i april og mai, for å sjå etter kva slags trekkfuglar og andre fuglar som kjem attende for å hekke i og nær Kjeldevatn-våtmarksområde.

Fugleartar:
Her er nokre av dei fugleartane elevar ved Tonning skule har observert våren 2008:

Bokfink, fuglesnappar, løvsangar, gråhegre, hettemåse, fiskemåse, gråsporv, enkeltbekkasin, krikkand, stokkand, linerle, svarttrast, vipe, tjeld og blåmeis.

Fuglekassar og observasjonar:
Rundt Kjeldevatnet er det sett oppp fleire fuglekassar til fleire ulike fugleartar. I år står starekassene tomme, og lærar P.I.Karbø – og vi – fryktar for korleis det skal gå med staren i åra framover. Er han utrydningstrua i indre strøk av Nordfjord?

Fuglar i sentrum- ekstra omtale :
SIDER PÅ INTERNETT: På sidene til Miljølære på internett, kan ein sjå nærare på dei grundige observasjonane som er gjort i åresvis av elevar ved Stryn vidaregåande skule, under leiing av lærar Per Ingebrigt Karbø. Der fortel dei mellom anna at dei frå fugletårnet har observert 51 ulike fugleartar!
BIOLOGISK MANGFALD-DAGEN 2008 : Fredag 23.mai vart dagen for biologisk mangfald markert i området av elevar og lærarar på Stryn vidaregåande skule. Då kom viltforvaltar Hermund Mjelstad, frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på besøk.
PENGESTØTTE TIL OMRÅDET: Fylkesmannen har i år gitt pengestøtte til utbetring og det har tidlegare i år blitt rydda opp med gravemaskin og sag i området. Mellom anna er det gravd nokre kanalar, buskas er rydda opp i, og vatnet er reinska opp i, så no har fuglane det fint i hekketida! H. Mjelstad var glad for at Stryn kommune har teke ansvar for å ta vare på denne naturperla som ligg omlag midt i Stryn sentrum.
VIKTIG Å PASSE PÅ: Miljøvernleiar Odd Rønningen, Stryn kommune, seier at det er eit av dei viktigaste våtmarksområda vi har i kommuna, og det er viktig å ta godt vare på Kjeldevatnområdet, og la det få vere mest mogleg uberørt også i åra som kjem.

CC BY-NC 4.0 Fugleliv i Stryn sentrum av Gunvor Lillian Godø er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Gunnvor Godø,2008
Kjelder: Miljolare.no-Kjeldevatnet, Stryn Torbjørn Håvik, Tonning skule Anne Taraldset, Kjeldeflata burettssameige
Kommune: Stryn sentrum