Frå jord til bord
Lære for livet – om livet. Eit tverrfagleg prosjekt med store innslag av entreprenørskap og samarbeid mellom lokalmiljø og skule.
Ved Flatbygdi skule har ein gjennom dei siste åra etablert eit prosjekt kalla «Frå jord til bord». Prosjektet tek utgangspunkt i sauen, og ein fyl denne frå beite og fram til ulike foredla produkt sett på bordet.
Prosjektet er lagt til 9. årssteget sidan undervisninga er organiserar med tre veketimar Mat og helse dette årssteget har.
Prosjektet involverer fleire generasjonar. Ivrige born, foreldre og besteforeldre er aktive i prosjektet. Dessutan er fleire ulike profesjonar med som mellom anna lærar, dyrlækjar, mattilsyn, bonde og kokk. Ein opplever at ein får felles opplevingar / erfaringar ein kan byggja kunnskap vidare på.
Dimensjonering av prosjektet kan justerast frå år til år, men ein fyl alltid hovudoppsettet i prosjektplanen.
For Flatbygdi skule har det vore viktig å trekkje felles opplevingar inn i undervisninga. Det å sjå eit nyre som er snitta opp gir noko heilt anna enn aldri så mange bilete og gode munnlege forklaringar! Eller kva med å sjå korleis lungene fungerar – i praksis.
I hovudsak involverer prosjektet faga:
Mat og helse, Natur og miljø, KRL, Kunst og handverk og norsk. I tillegg legg ein inn element frå kroppsøving og samfunnsfag. Spesielt kan ein trekkje fram tre «hovudfag» – Mat og helse, naturfag og norsk.
Artiklane til elevane skuleåret 2007 / 2008 fortel ein del om dei ulike hovudaktivitetane frå prosjektgjennomføringa.
Som avslutning på prosjektet arrangerer elevane ein stor fest for seg og foreldre. Der vert det sett fram på bordet smaksprøvar av dei ulike produkta ein har laga i prosjektperioden. I tillegg har dei eit lite program som tek føre seg kva dei har jobba med og kva dei har lært.
Prosjektet slik det har gått seg til på Flatbygdi skule har verdiar i seg som gjer at me kan oppsummere med dei same orda me innleia: Lære for livet – om livet.
Frå jord til bord av John Ole Vange er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.