Sidemeny+

Fjellanlegg frå den andre verdskrigen

Posted on 18. mai 2008 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Krigsminne, Ymse

Foto: Frå www.norgei3d.nocbn

Det raude feltet viser kvar støttepunkt B låg

På Hafstadbakken i Førde ligg restane av støttepunkt «Bertha», eit tysk anlegg bygd under den andre verdskrigen.

Plassering i kart

Etter «Måløy-raidet» styrka tyskarane sitt nærvære i Førde. Generalmajor Karl von Beeren flytta inn i eit rekvirert bustadhus på Hafstad i 1943. Han gjorde Førde til kommunikasjonssenter eit stykke unna kysten, som tyskarane såg på som frontlinja. Sandtaket på Hafstad har ete opp ein stor del av området som vart brukt av okkupasjonsmakta, men fjellanlegget er der enno. Etter forfattar av boka «Fronten er kysten», Kjell-Ragnar Berge, var det frå 1943 til slutten av krigen mellom 500-600 tyske soldatar i Førde. Andre meiner talet er høgare.

Burmavegen 
Russiske krigsfangar var med på bygginga av anlegget. Det var desse som måtte bygge vegen frå Kronborg til bunkersen. Vegen vert kalla «Burmavegen», eit vanleg namn å gje vegar som vert bygd med hjelp av krigsfangar. Les om den originale Burmavegen her (engelsk).

Fjellanlegget  
Dersom allierte styrkar truga fylket, skulle den tyske leiinga styre styrkane sine frå anlegget. Dei grunnleggande behova måtte dekkast om ein skulle opphalde seg lang tid inne i fjellet. Anlegget måtte ha luft, vatn, mat og eit sterkt forsvar. Anlegget inneheld mellom anna soverom, lager, kjøkken og kontor. Straum fekk ein av eit aggregat. Då krigen var slutt, var anlegget i ein slik stand at det ville vore godkjent som vern mot ABC-våpen også i dag. Meir om innsida av anlegget finn du ved å klikke her eller på pdf-fila til høgre.

Etter 1945
Etter krigen vart fjellanlegget ein del av AVES (Arsenalet på Vestlandet). Som ammunisjonslager vart det halde heimevernsøvingar i området når ein skulle flytte ammunisjon. Dette gjorde ein for å kamuflere at det kom våpen til lageret. Fjellanlegget vart tømt på 90-talet.

CC BY-NC 4.0 Fjellanlegg frå den andre verdskrigen av Kai Andre Kilnes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kai André Kilnes, 2008
Kjelder: Kjell-Ragnar Berge (1995) Fronten er kysten! (1. utgave) Eige forlag NRK - Fylkesleksikon (21.09.2001) Krigshistoria i Førde Lokalisert 15.05.08 på Verdsveven: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1304385.html Knut Øyvind Åsen (2008) Intervju
Kommune: Hafstad