Eventyrkongen og slotta hans
Ludwig II. vart konge av Bayern i 1864, 19 år gammal. Den unge kongen var glad i den mektige bayerske naturen og svært interessert i kultur og vitskap. Ludwig er mest kjend for dei fantastiske, nesten eventyrlege slotta han bygde. Han vart kalla eventyrkongen.
Bayern
Fristaten Bayern ligg i søraustre hjørnet av Tyskland, og er den største av 16 delstatar i BRD (Forbundsrepublikken Tyskland). Her er mykje vakker natur, høge fjell, grøne dalar, elvar og innsjøar. Her er også mange landsbyar og byar, hovudstaden i delstaten er München. Frå 1806-1918 var Bayern eit kongedømme
Ludwig II. av Bayern
Ludwig II. var konge av Bayern frå 1864 til 1886. Han var glad i naturen og interessert i vitskap, teknikk og kunst. Ludwig brukte store pengesummar på å byggje praktfulle slott og å fremje kulturlivet i landet. Men desse store prosjekta hans tømde nesten heile statskassa til kongedømmet. Regjeringa i kongedømmet visste til slutt ikkje anna råd enn å umyndiggjere kongen. Den 11. juni 1886 vart han erklært sinnsjuk og fråteken all makt. Den 13. Juni 1886 døydde han på mystisk vis, han drukna på grunt vatn i Starnbergsjøen. Det vart sagt at det var sjølvmord, men om det verkeleg var slik, det stridast dei lærde om enno…
Tre flotte slott
Torneroseslottet
Neuschwanstein slott er det mest kjende slottet Ludwig II. bygde. Neuschwanstein vart bygd som ei borg på nokre fjellknausar i nærleiken av den velse byen Füssen i Allgäu. Ludwig budde ofte på Neuschwanstein, men han rakk ikkje å byggje det ferdig. Då han døydde, var 14 rom ferdige. No har det 360 rom. Om sommaren vert det gjesta av 6000 turistar kvar dag. Det er også blitt brukt som førebilete for Torneroseslottet i Disneyland.
Kongeleg villa
Linderhof slott vart kalla «Den kongelege villaen». Her likte kong Ludwig seg best, og det var her han budde lengst. Linderhof var ikkje så stort som dei andre slotta og låg nærmare München Her vart det laga eit spisebord som fekk namnet «Bord-dekk-deg». Det kunne senkast ned gjennom golvet frå matsalen til kjøkkenet. Der vart det dekka og sveiva opp att til matsalen med handemakt. Dette tok omlag 15 minutt. Linderhof var det einaste av dei tre slotta han rakk å byggje ferdig.
Versailles i Bayern
Herrenchiemsee slott var det siste store byggverket til Ludwig. Han bygde det på ei øy ute i innsjøen Chiemsee, som ligg mellom München og Salzburg. Dette slottet vart bygd etter mønster av slottet i Versailles i Frankrike. Det har også eit «Bord-dekk-deg», men det vart ikkje bygd noko kjøkken i slottet, så maten måtte bli levert før han vart sett på bordet og trekt opp i matsalen. Det mest praktfulle rommet i dette slottet er spegelsalen. Den er 98 m lang, har 23 speglar og 23 vindauge, 33 lysekruner og 44 lysestakar av krystall.
Verdsarven
Den bayeriske regjeringa prøver å få Ludwig II. sine slott inn på UNESCO si verdsarvliste. Dei har ikkje lukkast med dette enno, men vil nok stå på vidare i saka. Les ein artikkel til dette emnet.
Eventyrkongen og slotta hans av Solfrid Langedal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.