Ervik Havfiske

Nytt kontorbygg på Otneimsneset. Vart teke i bruk i juni 2008.
Ervik Havfiske held for tida til på Otneimneset. Der har dei nettopp bygt nytt kontorbygg. Tidlegare heldt dei til på Refsnes i nærleiken av Ervik på. Begge stadane ligg på Stadlandet. Dei er også Noregs største autolineselskap.
Plassering i kart
Historia
Ervik Havfiske starta opp i 1996. Då heitte dei eigentleg Ervik Sjøfiske Invest, men i marknadsføring har dei alltid brukt namnet Ervik Havfiske. I 2001 skifta dei namn til Ervik Havfiske. Det var tremenningane Stig Ervik og Kjell Magne Ervik som ville starte bedrifta. Dei hadde vore fiskarar sidan dei var unge og ville no eige sine eigne båtar. Den fyrste båten vart kjøpt i 1987. Etter kvart vart det berre fleire og fleire. Saman med Domstein ASA starta dei Ervik Havfiske. Då dei starta for fullt i 1996 hadde dei 5 båtar. Nokre av desse båtane er framleis i bruk.
Båtane
Per 01.01.2008 opererar dei 18 båtar, der dei er medeigarar i 12 av dei, medan dei drifta dei 6 andre. Båtane deira er på norske, britiske, russiske, franske og færøyiske flagg. I år er det kun linefarty med automatisk egning som er i bruk. Dei held på med miljøsertifisering av båtane og fiskeriet, og båtane oppfyller dei krav som er stilt til dei per i dag. Men det vil komme fleire krav og det blir difor satsa hardt på miljøsertifisering.
Dei held også på med planlegging av ein ny båt, som kjem til å bli verdas største autolinebåt, dersom prosjektet blir gjennomført. Denne båten skal oppfylle framtidige miljøkrav. Men sidan det framleis er veldig dyrt å byggje, så har dei utsett dette ei stund. På den nye båten vert det lugarplass til 28 mann, medan det berre er plass til 12-25 mann på dei andre båtane. På båtane finn du kokk, maskinist, fiskar, skipper, styrmann, bestmann og fabrikkformann.
Fiskeriet
I hovudsak er det brosme, torsk, hyse, lange, blåsteinbit, kveite, flekksteinbit, tannfisk, sei og uer som vert fiska. Torsk er den mest fiska fisken, og den nest dyraste, med sine 28 NOK pr. kg i gjennomsnitt… Tannfisken derimot, er mykje dyrare. Den kostar 14-15 $ pr. kg. Også blåkveita er ein bra fisk. Den vert seld for 24-25 NOK pr. kg.
Jobb og utdanning
For å få arbeid i Ervik Havfiske må du vere 16 år. Dette gjeld både sommarjobb og fast tilsetting. Pr. dags dato er den yngste tilsette 16, medan den eldste er 70. Og det er ikkje berre aldersforskjellen på arbeidarane som er stor, også utvalet av arbeid er ganske bra. Ervik Havfiske kan tilby jobbar som kokk, maskinist, fiskar, reinhaldar, vedlikehaldsarbeidar, mekanikar, elektrikar, snekker, skippar, bestmann, styrmann, fabrikkformann, personalsjef, rekneskapssjef eller driftssjef.
Jamt over er det viktig med utdanning. Dei fleste må ha det, utan om fiskarane, men det er nokon fiskarar som har utdanning også. Men skal du bli fiskar blir det lagt stor vekt på om du er interessert, og er villig til å jobbe. I tillegg er det veldig greitt om du toler å vere på sjøen. Oppfyller du desse krava, er du nesten garantert jobb. Det er alltid lettast å få arbeid på ein båt, for i administrasjonen er det lite utskiftingar. Å finne nok arbeidskraft til båtane er til ei kvar tid ein intensiv jobb.
Du kan også vere lærling i Ervik Havfiske, men det er kun på båtane. Det vert ikkje teke inn lærlingar i administrasjonen. På det meste har Ervik Havfiske hatt 20 lærlingar på ein gong. Du treng heller ikkje å kunne norsk for å få jobb.
Du kan få sommarjobb dersom du er 16 år. Dette gjeld både på sjø og på land. Men dersom du ikkje vil jobbe på sjøen, er kanskje ikkje Ervik Havfiske dei du ringjer til fyrst, for utan om vedlikehaldsarbeid, så er det ikkje noko å gjere på land. Vedlikehaldsarbeidet går hovudsakleg ut på å male og liknande på båtane.
Mange av fiskarane er frå utlandet. Les meir om det under ekstra omtale.
Konsernet
I styret i Ervik Havfiske sit Rolf Domstein, Keith Elliot, Stig Ervik og Kjell Magne Ervik. I heile konsernet er det omlag 400 tilsette. Det er driftssjefane si oppgåve å tilsette nye arbeidarar. Driftssjefane har òg, saman med skipper og personalsjef, i oppgåve å passe på at arbeidarane sine rettar blir i vare tekne og at arbeidarane gjer jobben sin.
Ervik Havfiske eig i mange ulike selskap. Blant anna har dei ein verkstad til båtane, så dei slepp å bruke andre verkstadar. Dei eig i ein butikk og har avtale om å handle i den butikken. I tillegg til alle desse samarbeidar dei med mange andre bedrifter og selskap. Rekneskapet går i pluss og det ser veldig bra ut. Det er vanskeleg å seie om fisket har gått oppover eller nedover, men mengda av fiske og verdien av fisken varierar etter kor mange båtar som er i drift. Eigarane i Ervik Havfiske er Domstein ASA og Ervik AS, med halvparten kvar.
Konklusjon
I Ervik Havfiske kan du få arbeid utan å vere norsk, eller kunne norsk. Det er enkelt å få jobb. Du kan få jobb dersom du er over 16. Ervik Havfiske går i pluss og det er ikkje snakk om nokon nedskjæringar, så arbeidet til arbeidarane er trygt.
Kontakt Ervik Havfiske:
Telefon: (+47) 57 85 94 00
Telefax: (+47) 57 85 94 01
E-post: havfiske@ervikhavfiske.no
-
Nytt kontorbygg på Otneimsneset. Vart teke i bruk i juni 2008. Foto: Ervik Havfiskeall-rights-reserved
-
Dette er Refsnes. Her heldt dei til tidlegare i 2008. Foto: Ervik Havfiskeall-rights-reserved
-
Teikningar av nytt kontorbygg Foto: Ervik Havfiskeall-rights-reserved
-
Stattgutt. Ein av båtane deira Foto: Ervik Havfiskeall-rights-reserved
-
Statthav. Ein av båtane deira Foto: Ervik Havfiskeall-rights-reserved
-
Argos Froyanes. Ein av båtane deira Foto: Ervik Havfiskeall-rights-reserved
Ekstra om fiskeri
Ervik Havfiske fiskar i Barentshavet, Norskehavet, ved Færøyane, ved Shetland, ved Island, Vest av Irland, i Nordsjøen og i Antarktiske farvatn. I Antarktisk er det ved Sør-Georgia, ved Kerguelen, ved St. Crozet og ved Rosshavet det vert fiska.
Ekstra om jobb og utdanning
I Ervik Havfiske jobbar det fiskarar som er frå Litauen, Russland, Danmark, Sverige, Island, Færøyane, Storbritannia, Argentina, Peru, Chile, Uruguay, Spania, Portugal, Sør-Afrika, New Zealand, Frankrike, Madagaskar, Tonga. I tillegg er det utflytta nordmenn i Brasil, Canada, Mauritius.
Ekstra om konsernet
Desse selskapa eig Ervik Havfiske i: Vestkapp Handel AS, Furebuda Eiendom AS, WestMek AS, Nordic Marine AS, Arctic Linefish AS, Arctic Seafish Maritime Limited, Frøyanes AS, Statthav AS, Signal AS, Seljevær AS, Stadt Havfiske AS, Stattegg AS, Vestfisk AS, Nye Erliner AS, Veststeinen AS, Vest Økonomisenter AS, Vadsø Fryselager AS, Opplæringsfartøyet AS, Argos Froyanes LTD, P/F Vest-Line.
Ervik Havfiske av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.