Sidemeny+

Endestadstøylen

Posted on 19. mai 2008 by in Immateriell kulturarv, Jordbruk

Foto: Jon O Endestadcbn

Dette bilete er frå Bakke-bruket sin støyl i 1969. Det var siste året kyrne var på støylen.

I tida 1900 -1969 veit vi at det var stølsdrift knytta til garden. Det var naudsynt for at dyra skulle få nok mat heile året.

Plassering i kart

Transport
Kyrne, 4-5 vestlandske raudkoller og 1 okse, vart sende på sommarbeite i Endestadbugen og/eller på Endestadstøylen. For å komme seg dit måtte dei fraktast i ein stor robåt innover Endestadvatnet. Dei vart sette i land på Kyraneset. Derifrå gjekk dei i Endestadbugen, eller dei vart sette i land på Kvangreneset og gjekk derifrå innover berga til Endestadstøylen. 

Bygningar på Endestadstøylen
Det var 3 sel og 4 fjøs på Endestadstøylen. Det første ein kom til etter turen innover berga var Nestunselet. Om lag 100 meter deretter Gjerdeselet. Etter nye 600 meter stod Bøfjøsen og etter 100 meter til kom ein til Bakkeselet.

Fjøsen til Bakke-bruket, gardsnr.59, bruk nr.3
var bygd av furutømmer og var ca. 4,5m brei og 5,4 m lang. Det var 5 båsar på kvar side. Bygningen blei oppsett før 1900. Ettersom det var bjørn i området i den tida, laga dei døropninga kun 1,25 m høg og 0,60 m brei, slik at det skulle vere vanskeleg for bjørnen å komme inn. På innsida var det laga ei anordning med ein stokk på tvers av døra, slik at bjørnen ikkje skulle slå den inn. I Amtstidende i 1892 stod det å lese ei
bjørnehistorie frå Endestadnova, der det var kamp mellom ein bjørn og nokre menn frå Eikefjordsdalen.

Stølslivet i tida 1940 – 1969
Dei som hadde ansvaret for stølsdrifta var gjerne i 14-17årsalderen. Kvar ettermiddag rodde dei innover Endestadvatnet og gjekk innover berga til støylen med tomme holkar på ryggen. Då dei var framme lokka dei på kyrne og fekk dei inn i fjøsen og mjølka dei der. Som lokkemiddel hadde dei med salta sild til kvar kyr. Om natta låg stølsjentene over i selet. Neste morgon mjølka dei kyrne igjen før dei sende dei ut att på beitet. Så fylte dei mjølk i holken og rømme i spanna og gjekk nedover berga og rodde heim


Askar og mjølk
På støylen hadde dei askar av tre. Desse fylte dei med nysilt mjølk og let stå nokre dagar. Etter ei tid vart det rømmeaske. Rømma tok dei ut av askane og bar heim i 3-liters sirupsspann. Rømma vart kinna til smør. Noko av søtmjølka bar dei også med heim i spann. Denne fekk ungane drikke og dei vaksne hadde litt til å ha i kaffien. I holkane bar dei surmjølk Denne vart brukt til graut, baking og drikke. Restar fekk kalv og gris. 

Om du vil lese meir kan du klikke her

CC BY-NC 4.0 Endestadstøylen av Marit Langedal Endestad er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Marit Langedal Endestad, 2008
Klassetrinn: 1.-4.
Kjelder: Samtaler med Torfinn Endestad f.1926, Hella Endestad Sæterlid f.1924 og Aslaug Endestad Solheim f.1941. Flora-minne Årsskrift for Flora Historielag, bind 1, hefte1, desember2001 s.14-15. Fotostoryen er laga av Marit Langedal Endestad.
Kommune: Eikefjord