Elvebreidda i Lærdal
Tek ein seg ein tur på elvebreidda langs Lærdalselvi, tenkjer ein ikkje på alt arbeidet som er er lagt ned for å førebyggje flaumøydeleggjingar. Her har dei i generasjonar lagt stein på stein for å hindre at elva tek nye vegar.
Plassering i kart
Historie
I 1859 fekk formannskapet brev frå amtmannen med spørsmål om regulering av Lærdalselvi. Kommunestyret hadde møte og synfaring i april same år, og fann ut at regulering av Lærdalselvi var naudsynt og då spesielt for Lærdalsøyri. Året etter, altså i 1860 fann den verste flaumen på over hundre år stad i Lærdal. «Sekstiflaumen» råka mange, og med hjelp i frå staten og grunneigarar sette dei i gang med førebyggjingar. Endå ein storflaum i 1879, kom før arbeidet var skikkeleg i gang. Frå 1887 vart det sett i gang ei kanalisering av elva frå Mo og heilt ned til sjøen. Det arbeidet varte i fleire år, og gav arbeid til mange på vinterstid. For å ikkje øydeleggje den gode lakseelva, var klepparane til god hjelp. Dei visste kvar dei gode hølane låg, og kvar dei ikkje kunne endre elvelaupet. Les meir om Lærdalselvi her
Kvifor flaum?
I Lærdal er det generelt lite nedbør, men på dei gitte årstala over, var det ein kombinasjon av mykje snø og høg temperatur som gjorde utfallet. Elva tok nye vegar, og dei mest risikofylte stadane var nok i Haghusane, Oftasvingen og heilt nede ved sjøen (sjå bilete). I seinare tid har elva lagt sitt endelege løp med solide elveførebyggjingar, som vi kallar elvebreidda. I tillegg har kraftutbyggjinga i Borgund- og Lærdalsfjella minska faren for skadeflaumar. Områda nede på Lærdalsøyri og på Grandane, er i seinare tid gjort større og med utfyllingar av tunnellmasse er dette vorte ein ganske trygg plass. Langs elva og dalen kan ein på fleire stadar finna elvemerke, eller vassmerke som dei vert kalla på folkemunne. Desse syner kor høgt vatnet var under dei store flaumane.
Ny flaum
Dersom det no skal kome ein stor flaum i Lærdal, vil førebyggjingane gjere sitt til at skadane vert mindre. I fylgje NVE sine studiar tåler delar av elvebreidda og resten av elveførebyggjingane ein 50-års flaum. Somme stadar til og med ein 100-årsflaum. Likevel er det stadar som ikkje tålar meir enn ein 10-års flaum. NVE har overlevert flaumsonekart som syner dei utsatte stadane. Dei finn du her
Elvebreidda
Elvekruna er altså eit resultat av regulering av elvi og førebygging mot flaum frå Lærdalselvi. Some stadar, spesielt frå Hedler (heilt nede ved sjøen) og omlag 3,5 km opp i dalen, er elvebreidda fleire meter høg. Andre stadar er ho mindre. Førebyggjingane strekkjer seg frå Hedler, nede ved sjøen til Mo på Ljøsne.
Ypparleg turområde
Elvebreidda har altså som formål å hindre flaumar. Ho er også mykje brukt som turområde for lokalbefolkninga. Dersom ein skal ta seg ein søndagstur kvifor ikkje gjere det, på nettopp elvebreidda. Med elvesos mot øyra, kaffi på termosen og ei brødskive med brunost i handa, kan ein lett drøyme seg vekk.
Elvebreidda i Lærdal av Sindre Rode er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.