Eleven er kulturformidlar

Elevar skriv i GeoAtlas
Elevar er aktive kulturformidlarar ved å ta del i eit innsamlingsarbeid som vert presentert gjennom publiseringsverktyet GeoAtlas. Selje skule skal framleis vere aktivt med i dette arbeidet.
Plassering i kart
Samarbeid med Fylkesarkivet
Selje skule og mange andre skular i fylket vårt deltek i eit samarbeid med fylkesarkivet om å samle inn stoff som kan leggjast ut på eit digitalt kart. GeoAtlas gjer det mogleg å lage tverrfaglege læringsopplegg som kombinerer kart og geografi, med natur- og kulturhistorie, forming, idrett, norsk, engelsk eller andre språkfag. I GeoAtlas vert alt knytt saman i eit interaktivt kart og knytt til stader som betyr noko for deg.
I delar av skuleåret 06/07 nytta ei gruppe elevar i 9. og 10. klasse tre onsdagstimar til registrering av stoff innan tema som: Arbeidsliv før og no, Bygningar og arkitektur, Historiske ruter, Kultur og tradisjonar og Oppdag kulturarven. Elevane fotograferte og skreiv små artiklar som vart presenterte via GeoAtlas på det interaktive kartet over Sogn og Fjordane.
Bjarnhild Samland, som jobbar på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane med å lage gode tilbod til skulane frå kultursektoren på nettet, heldt kurs for lærarar og elevar i bruk av GeoAtlas hausten 2006. Dette kurset ga elevane nyttig informasjon og gode tips om arbeidet.
Skuleåret 2007/2008 bruker Selje skule GeoAtlas i faga norsk og samfunnsfag i 7. og 8.klasse. GeoAtlas er eit godt verkty for å skape interesse for kulturarven og formidle denne og opplevingar med andre. GeoAtlas er verkty som er med og støtter godt opp under læreplanen sine formuleringar om Å kunne bruke digitale verktøy t.d. i Norsk og Samfunnsfag.
Lærarane lærer seg GeoAtlas
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane fikk i åra 2005-2007 statlege midlar for å drive og utvikle den nettbaserte kultur- og kunnskapsformidlinga. Samarbeidet med kommunane, skulane spesielt, er viktig. For skulane er det ei viktig oppgåve å gje elevane høve til å delta aktivt i å spreie kunnskap og opplevingar.
Våren 2008 er to lærarar under opplæring i bruken av GeoAtles gjennom IKT-utdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Medan kollegaene ventar på at nye kurs blir haldne ved skulen, kan dei sjølve lese her om korleis og til kva dei kan nyttiggjere deg GeoAtlas. Dei kan og få råd og tips ved å kontakte Bjarnhild Samland eller andre ressurspersonar.
-
Elevar skriv i GeoAtlas Foto: Ole Bosnesall-rights-reserved
-
Døme frå ein elev si side om heimplassen for mange år sidan Foto: Ukjentall-rights-reserved
-
Elevane underviser kvarandre Foto: Ole Bosnesall-rights-reserved
-
Kulturnett Sogn og Fjordane er ei god og viktig startside for elevar som arbeider med lokalstoff Foto: Kulturnettall-rights-reserved
Skulestova.no
Nettstaden skulestova.no vil vere den naturlege staden å linke seg opp mot for å søkje læringsressursar i Sogn og Fjordane. Herfrå finn du vegane til GeoAtlas, Fylkesarkivet, Musea, Den kulturelle skulesekken, Fylkesbiblioteket og mange andre. Her kan du og lese at det er Artikkelskred på GeoAtlas, og då finn du og mange døme på at elevar er aktivt med og deler sine opplevingar og nyvunnen kunnskap.
Nokre sider laga av elevar ved Selje skule:
Fiske på Barmen, Jernaldergarden i Kvernhusdalen, Kvernhusdalen, Kvernevik
– og ein notis på skulen si heimeside om Kvernhusdalprosjektet
Eleven er kulturformidlar av Ole Arnfinn Bosnes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.