Sidemeny+

EIT AV DEI STØRSTE HELLERISTINGSFELTA I NORD-EUROPA

Posted on 20. mai 2008 by in Kulturarv, Pedagogikk

Foto: Ingerlise Kongsgaardall-rights-reserved

Var det slik dei laga helleristingar?

Kan hende var det slik det gjekk føre seg for fleire tusen år sida i Vingen? Feltet er eit av dei største med veidekunst i Skandinavia med over 2000 figurar. Vi veit ikkje kven som rissa inn i berg og steinar, om det var vaksne eller born, men det dei gjorde den gongen, kan vi ennå sjå den dag i dag.  Treng du undervisningstips om helleristingar eller steinalderen, kan du finne mykje interessant i denne artikkelen.

Plassering i kart

Om helleristingar

Helleristingar er laga i tidsrommet 9000 til om lag 3700 år sidan. Dette tidsaspektet strekker seg frå steinalder til bronsealder. Det fins to typar helleristingar: veide-ristingar og jordbruks-ristingar.

Folket som levde i steinalderen gjekk på jakt; dei veida. Veide-ristingane er altså dei eldste, då steinalderfolket hausta av naturen og levde av ville dyr. Ristingane frå denne tida illustrerer fangstdyr som hjort, rein, bjørn, fugl og fisk. I bronsealderen levde dei meir av jordbruk; derfor illustrerte dei og husdyr, menneske, solkross, skip, vogner og fotsolar. Ein finn helleristingar helt fram til om lag år 500 e. Kr., altså til Jernalderen.

Steinalderfolket rissa, banka eller hugg nedi berget. Når figurane var ferdig, blei dei malt opp med raud og oker farge for å bli meir synlege, eller kan hende for å få enda meir kraft i seg.

Ein trur at ristingane hadde ei slags magisk kraft eller jaktmagi, dei skulle bringe folka lykke i jakt. Ristingane vart ofte laga nær kjende dyretråkk. Jegaren skulle lettare nå sitt bytte ved at ein avbilda dyret. Ein reknar også med at det er ei lang religiøs utvikling i veidekunsten, med at jegargruppar samla seg til kultiske festar.

Kor ligg Vingen?

I Sogn og Fjordane, Bremanger kommune, sør for Hornelen, inne mot Vingepollen ved Frøysjøen ligg Vingenfeltet.  For å ta seg fram dit, må ein ferdast med båt.

Kva type ristingar er det på Vingenfeltet?

Dei fleste helleristigane frå Vingen er av hjortedyr, men ein finn også 10-20 figurar av menneske. Dette har truleg samanheng med at området har vore viktig for veiding og fangst. Det ein trur er at steinalderfolket har jaga dyra utfor dei bratte stupa kring Vingepollen. Ristingane er frå tidsrommet 4000-2000 år f. Kr. Det inneheld minst 1500 ulike ristingar og er eit av dei største helleristingsfelta i Nord-Europa. I tillegg er det 500 ristingar som blir rekna til Vingenfeltet sjølv om dei ligg i Vingelven, Hennøy og i Fura.

Fleire helleristingsfelt i Noreg

Av det største kartet kan vi sjå helleristingar eller bergkunst som det og er kalla, frå heile Noreg. Det næraste feltet til Vingen er i Ausevik i Flora kommune, det også i Sogn og Fjordane.

Korleis tek ein vare på bergkunsten?

Det er diverre sett strenge restriksjonar på ferdsle på Vingenfeltet. Ein er redd for slitasje og hærverk. Området blei freda av Riksantikvaren i 2002, slik at ein ikkje kan ferdast der utan særskilt løyve.

I Ausevik har ein planar om eit Vestnorsk Bergkunstsenter. Dette er eit felles nordisk prosjekt for bergkunst; Rock Art in Northern Europe. Nyleg kunne ein lese i Firdaposten om at ein har fått midlar til byggesteg 1 av Vestnorsk Bergkunstsenter i Ausevika.

I Nord-Noreg i Alta, Finnmark fylke, har ein innskrive bergkunsten som forhistoriske kulturminne på UNESCOs Verdsarvliste.

CC BY-NC 4.0 EIT AV DEI STØRSTE HELLERISTINGSFELTA I NORD-EUROPA av Enid Irene Esaiasen Giil er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Enid Esaiassen Giil, 2008
Kjelder: Kunnskapsforlaget, H. Aschehoug & Co. (W.Nygaard) A/S og Gyldendal ASA, Oslo 2005 Kverndokken, Kåre og Rosse, Øystein: Leseboka for Grunnskolen Bind 6. Gyldendal Norsk Forlag 1998. http://www.arild-hauge.com/helleristning.htm http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane /fylkesleksikon/1131868.html http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane /fylkesleksikon/1631651.html http://www.verdensarvenialta.no/
Kommune: Vingen