Sidemeny+

Dyreskogen av tre

Posted on 22. mai 2008 by in Kunst og kultur

Kongeørn.

Oppe på Otterhjell i bakken over huset til Olav Otterhjell finn me ein heil dyreskog i tre. Dyra er skorne ut med sag og øks. Olav brukte fleire år på å laga alle dyra.

Plassering i kart

Det står mange forskjellige dyr der oppe, sjølv om ikkje alle står, desverre. Då me var oppe på besøk hadde hjortekolla og ein jerv velta over ende. Ein av elevane sette opp igjen jerven men hjortekolla blei for tung, der må det større musklar til. Men det står mange fleire dyr der oppe. Dei fyrste du møter står i tunet, men er ikkje like enkle og legga merke til. Ein mårkatt gøymer seg under løa, ein katt på porten og eit lite ekorn i eit av trea og ei gaupe i eit anna tre. Men gaupa var det litt diskusjon om for ho hadde lang hale og avrunda øyre noko ei gaupe ikkje har, men eit stort kattedyr var det iallfall. Det står og eit lite troll og smiler breitt oppe på ein stein. Når du går oppover mot skogen møter du ei flott kongeørn på gjerdet, så kjem du til hjortefamilien med ein kronhjort, hjortekolla som var velta og ein liten hjortekalv. Litt bortom har Olav også mura opp eit bogastille. Det er ein halvrunding av oppmurt stein som reinsdyrjegrane gøymer seg bak. Når reinsdyrflokken for forbi skaut dei reinsdyra med spyd eller pil og boge. Olav har derfor og skore ut ein jeger som sit på kne bakom bogastillet klar til og skyta ein reinsdyrbukk med pil og boge. Kronhjorten og reinsdyret har fått ekte gevir på hovudet. Under hjortane sto den velta jerven som no er sett opp att. Over hjortane kjem du til eit stort tre, under treet står det ein liten bjørn. Bortom treet er det ein stein, oppå steinen står det ein ulv. Det er både artig og spennande å komme inn i ein skog med dyr laga av tre, spesielt når dyra er i sin verkelege størrelse er det ekstra kjekt. Det syns vertfall eg og eg trur alle dei andre i klassen er einige. Alle hadde det iallfall veldig artig i dyreskogen av tre.

CC BY-NC 4.0 Dyreskogen av tre av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Eira Øvsthus Hagatun, 2008
Klassetrinn: 7
Kjelder: Olav Otterhjell
Kommune: Fresvik