Dyra ikring oss
Florø barneskole er den største barneskolen i Sogn og Fjordane. Den ligg midt i Florø sentrum. I år er det 507 elevar. Skolen ligg fint til i naturskjønne omgjevnader. Nærmaste nabo er to åsar, Litleåsen og Storåsen. I tillegg finn ein to vatn, Storevatnet og Litlevatnet. Desse omgjevnadene gjer store moglegheiter for utfalding og opplevingar. I og ikring åsane er det eit rikt dyreliv.
Plassering i kart
Åsane og vatna
Dei to åsane, Litleåsen og Storåsen er grøne og frodige åsar midt i sentrum av Florø by. Åsane har blandingsskog av ulike lauv og bartrær. Grana har si eiga historie. Den var ein del av ei storstilt utplanting på Vestlandet kring 1900 talet. Særleg læraren og redaktøren Elias M. Hole gjorde ein stor innsats for «skogsaka» i Florø. Her finn du meir om Skogbrukshistoria i Sogn og Fjordane.
Åsane med sin blandingsskog og vatna omkring, Litlevatnet og Storevatnet, gjer til at vi har eit rikt dyre og planteliv midt i sentrum. Desse områda blir brukt aktivt av elevar og lærarar ved skulen vår. Særleg i samanheng med faga kroppsøving og naturfag. For innbyggarane, eit unikt område for trim og opplevingar.
Fauna
Pattedyr
Ein skal ikkje gå langt frå skulen for å oppleve det største pattedyret i området, nemleg hjorten. Den er mest vanleg i Storåsen. Går ein litt utanom dei vanlege stigane, kan ein være heldig å sjå hjorten på nært hald. Stundom tek han seg ein tur innom folk sine hagar, noko som ikkje alltid er like populært. Der et han godt av tre og blomar. Skulle du ikkje treffe på det flotte dyret, kan du nyte denne videoen, eller ta turen til Svanøy, ei av øyane i Florø kommune, der ein finn Norsk hjortesenter. Eit anna vanleg dyr i nærområdet er ekornet. For nokre år tilbake var det sjeldan å sjå, men det ser ut til at bestanden har teke seg opp, det har nesten blitt ei dagleg oppleving. Slik kan det sjå ut etter at ekornet har inntatt eit måltid. Reven er ikkje det dyret ein forventar ein skal støyte på rett utanfor stovedøra. Men Mikkel, blant folk kalla «byreven», har eg sjølv treft på i nærleiken av Litlevatnet. Her kan du høyre korleis Mikkel «snakkar«. Eg vil og nemne flaggermusa som er eit fast innventar i nærområdet.
Fuglar
Når det vårast, kvitrar det godt i åsane ikring oss. Då får standfuglane selskap av dei mest vanlege trekkfuglane. Her tek eg med nokre av dei mest vanlege fuglane ein kan møte. Av duer finn ein tyrkardue, ringdue og bydue. Antall stokkender har teke seg opp dei siste åra, og er fast inventar i og ved dei to vatna. Av kråkefuglane er, kråke (Corvus cornix ) og skjære (pica pica) dei mest vanlege hos oss. Begge er standfuglar som held til her heile året. I Litleåsen er det til tider store flokkar med kråke. Når dei tek til vengene, og lettar i store flokkar, kan ein høyre vengesus og ei intens skvaldring. Ulike slag av finkar, spurvar og meiser fins og. Linerla, gråtrast og svarttast er og kjenningar her ved kysten. Har du lyst å bli betre kjend med ulike fuglelåtar, kan du teste deg her. Eg tek med nokre lenker der du kan studere ulike artar nærare. Pattedyr og fuglar. Her kan du spørje ein ornitolog, om det er noko du lure på.
Dyra ikring oss av Ole Nilsen Giil er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.