Diktaren og mennesket
I 2007 var det 150 år sidan han vart fødd, Per Sivle, vår fremste heimstaddiktar som skreiv realistiske skildringar av bygde-Noreg og eige lokalmiljø.
Plassering i kart
Frå Flåm til Stalheim
Peder Eriksen Sivle, som namnet hans opphavleg var, vart fødd 6. april 1857 i Flåm. Nokre månadar seinare flytta familien på tre til Stalheim. Han mista mor si då han berre var to og eit halvt år gamal. Faren kunne ikkje ha forsørgjaransvaret for sonen sin fordi han var handelskar og var på reis i lengre periodar.
Fosterheim
Per budde i fosterheim frå han var 6 år gamal på Brekke-garden ved Stalheim. Bottolf og Brytteva var det fjerde foreldreparet Per skulle forholda seg til. Faren var ein halden mann og betalte godt for at sonen fekk bu hjå dei. Per var som ein son i huset og hadde det godt hjå fosterforeldra og fosterbroren, men saknet etter mora var sterkt.
Skuleflink
Per lærte seg tidleg å lesa, lenge før han byrja på skulen. Han hadde difor forsprang på medelevar og dette viste godt på karakterane. Fyrste skuleåret var han einaste elev i klassen som oppnådde rein 1, og han forsette med å vera ein av dei heilt fremste i klassen heile skulegangen. Han meinte sjølv at han lærte like mykje på seks månadar som andre lærte på seks år.
Ein draum
Far til Per såg at sonen var skuleflink og drøymde om at sonen skulle bli prest. Difor finansierte han vidare utdanning på Per sjølv etter han var konfirmert. Det var ikkje mange som fekk denne sjansen, for på den tida var konfirmasjonen byrjinga på vaksenlivet der ein skulle klara seg sjølv på alle måtar. Fyrste steg på vegen til å verta prest var Jakob Sverdrup sin folkehøgskule i Sogndal der Per gjekk i to år, frå han var 15 til 17 år.
Sogor
I 1887 då Per vart redaktør i Kristianiaposten, låg boka hans Sogor til sals hjå bokhandlarane. Boka var i lommeformat på 144 sider og utsalsprisen var kr 1,50. Ein av dei mest kjente forteljingane frå samlinga er Berre ein hund.
Mor sin song ved vogga
Då Sivle var 20 år, skreiv han eit dikt om minnet og saknet etter mor si. Diktet vart seinare tonesett av Lars Søraas. Då han i 1904 vart spurt om kva dikt han sette mest pris på av dei han hadde skrive, svarte Sivle at han var aller mest glad i songen han skreiv til mor si: Den fyrste song eg høyra fekk.
Lerka
Ein annan kjent og kjær song som Per Sivle har skrive, er Lerka. Den vart skriven etter ein tur saman med Arne Garborg og Anders Hovden for å høyra lerkesongen ein tidleg vårdag i 1895. Dei tre kameratane vart inspirerte og var samde om å skrive kvar sin song etterpå.
Fridoms- og fedrelandsdiktar
I det siste tiåret av unionstida, fram mot 1905, var Sivle den samlande nasjonale diktaren vår. Han skreiv dels på riksmål, landsmål og på vossamål. Per gav uttrykk for norsk kampånd, offervilje, samkjensle og samhald, med moralsk ansvar for land og folk. Sjukdomen og mismotet hans vart verre då han i 1904 mista forfattarstipendet, og han døde same året. Per fekk aldri oppleva eit sjølvstendig Noreg som han ynskte så sterkt.
Monument
I ettertid er det reist mange monument for Sivle. Eit av dei vart avduka av Hovden i 1909 på Stalheim, 7, 5 meter høg bautastein, med inskripsjonen: Og det er det stora og det er det glupa at Merket det stend um Mannen han stupa.
Diktaren og mennesket av Toril Irene Jacobsen Møen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.