Sidemeny+

Digital mobbing

Posted on 14. mai 2008 by in Pedagogikk

Elevundersøkinga 2007 viste at 35 000 barn vert mobba kvar veke. Ifølge undersøkinga er noko av mobbinga på Internett og mobil så alvorleg at det er i strid med norsk lov.

Plassering i kart

Nytt fenomen
Mange elevar i 8-9 års-alderen brukar både MSN (Microsoft Network) og mobiltelefon. På Slåtten skule laga vi ny handlingsplan mot mobbing i januar 2008. Digital mobbing er eit nytt fenomen hos oss, men i den seinare tid har vi hatt fleire eksempel på digital mobbing som viser at skulen må ta dette problemet på alvor.

 

Tiltak på skulen
Rektor og FAU (Foreldra sitt arbeidsutval) har sett digital mobbing på agendaen, og legg vekt på at skulen må jobbe med førebyggande tiltak. Digital mobbing vert tema på fleire foreldremøte denne våren. Mobbing ved hjelp av digital teknologi vedkjem elevar, lærarar, foreldre og leiinga ved skulen. Digital mobbing er ei ny form for mobbing. Mobbarane kan jobbe i det skjulte. Mobbinga skjer gjennom tekstmeldingar (SMS), bildemeldingar (MMS), elektronisk post (e-post), MSN, Facebook, Nettby m.m.

 

Lite forsking
Professor Erling Roland, ved Statens senter for atferdsforsking, seier at det er forska lite på digital mobbing i Noreg. Det er til no ikkje gjennomført undersøkingar kun om mobbing på internett. Denne våren skal det gjennomførast ei landsdekkjande undersøking om digital mobbing, blant ungdomskule- og barneskuleelevar. I eit internasjonalt samarbeid skal forskarar også kartlegge internettmobbinga. Dette hastar seier Roland. Digital mobbing er vanskeleg å oppdage for skulen og foreldra. Mobbinga vert meir usynleg. Den er lite fysisk eller høyrbar. Dei vaksne har lite kunnskap om dei nye digitale media, og har problem med å henge med i den teknologiske utviklinga. Det gjer det i tillegg vanskeleg å vere gode rådgjevarar for dei unge. Han trur den digitale mobbinga vil akselerere.

 

Terror
Roland seier at den tradisjonelle mobbinga, der plagaren ser mobbeofferet er det mest vanlege. Den digitale mobbinga har meir preg av terror. Mobbeofferet kan ikkje gøyme seg. Offeret kan ta i mot tekstmeldingar same kvar han er, og til alle tider på døgnet. Jenter mobbar meir med mobiltelefon og internett. Terskelen for å mobbe vert lågare.

 

Nulltoleranse for mobbing
Manifest mot mobbing vart underteikna i Noreg i 2002. Ei landsdekkjande undersøking frå Statens senter for atferdsforsking i 1995, 1998 og 2001, viser at den tradisjonelle mobbinga i grunnskulen auka med heile 70 prosent i desse åra. Ei ny undersøking våren 2004 viste at den negative utviklinga hadde snudd. Manifestet mot mobbing har ført til auka merksemd om mobbing. Mange tiltak er sett i gong i barnehagar og skular for å førebygge mobbing. Handlingsplanar er laga for å raskt kunne sette i verk tiltak når mobbing vert oppdaga. Manifest mot mobbing vart laga, var digital mobbing eit så nytt fenomen at det ikkje vart omtala i manifestet.

 

Ny satsing
Regjeringa Stoltenberg har vidareført arbeidet med eit nytt Manifest mot mobbing 2006-2008, der den digitale kvardagen til barn og unge er teke med. Mange organisasjonar er også opptekne av dette problemet. Fleire har laga tips til «nettvett-reglar»  for barn, ungdom og foreldre.

 
Nokre gode lenker:
Røde Kors – telefonen for barn og ungdom
Redd barna – nettvettreglar
BarneVakten
Nettvettreglar for foreldre
Trygg bruk-prosjektet – Medietilsynet

 

Kjelde:
http://aftenbladet.no/lokalt/article557839.ece

CC BY-NC 4.0 Digital mobbing av Bente-Lill K. Gloppen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bente-Lill K. Gloppen, 2008
Kommune: Slåtten