Sidemeny+

Den tyske garnisonen i Stryn

Posted on 19. mai 2008 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Krigsminne, Ymse

Militærparade i Stryn sentrum

Under krigen var Stryn ein viktig garnisonsstad for den tyske militærmakta. Det vert hevda at det på det meste var stasjonert så mykje som 4000 mann i kommunen, og det vart investert enorme summar i forlegningar og forsvarsverk.

Plassering i kart

Aust-vest samband

Kvifor tyskarane valde Stryn som garnisonsstad er det ingen som kan seie sikkert, men det er nærliggande å tru at geografiske plasseringa er hovudårsaka. Vegsambandet austover hadde høg prioritet då som no. Den eksisterande infrastrukturen gjorde og til at Stryn hadde ein viktig telegraf- og telefonstasjon. Uansett grunn er det eit faktum at tyskarane investerte tungt i nybygg i Stryn. Ungdomshus og hotell på tyske hender Ungdomshusa i dei fleste bygdelaga i Stryn vart under krigen rekvirert og nytta som forlegning for den tyske vernemakta. I Stryn vart Visnes hotell nytta til innkvartering for offiserar, og i Loen vart Hotell Alexandra gjort om til kvilesenter for tyske flygarar. Det høge talet på tyske soldatar gjorde at det vart reist mange nye bygg i dei tidlege krigsåra.

Leirar og forsvarsverk

Det vart reist tre store leirar i Stryn: på Sundeflata(Friesenlager), på Bergem-eigendomen(Niedsachenlager), og i Bø(Hansalager). I tillegg til mannskapsbrakker vart det i samband med desse leirane bygd sjukehus, stallar, lader, verkstadar, grisehus, fryselager og kino, for å nemne noko. Det vart og reist 8 fly- eller observasjonstårn i Stryn sentrum. Desse låg strategisk plassert i samband med leirane slik at dei kunne forsvare desse mot flyangrep. Gjennom desse åtte tårna hadde og dei tyske vaktpostane god kontroll med aktiviteten i Stryn sentrum.

Mønsterleir

Hansalager var Wehrmacht si mønsterleir i Noreg. Mange høgtståande offiserar var komne til Stryn for å vere med på opninga. Denne vart «feira» med militærparade gjennom sentrum til tonar frå eit stort tysk militærorkester som var komne for anledninga. Augevitner kan fortelje at det ikkje har vore liknande leven i Stryn sentrum verken før eller sidan.Sjølv den mest sindige stryning trakk til gatene for å sjå på mønstinga. Det var ikkje den store begeistringa blant lokalbefolkninga, men i følge ein korpsveteran var det ein ting tyskerane skulle ha: At spele, det kunne dei, jævlane.

«Festung Stryn»

I tillegg til vakttårn i sentrum var det hovudsakleg mot vest det vart sett opp forsvarsstillingar. I liene over Stryn sentrum var det bygd løpegraver og maskingeværstillingar som skulle forsvare Stryn mot angrep vestfrå. Stillingane dekte dei to vegane inn til Stryn langs fjorden og sjølve fjorden. For eit eventuelt angrep på Stryn frå vest, måtte dei allierte ha sett inn store styrker. Etter Måløy-raidet vart forsvarsstillingane ytterlege bygd ut, og hadde ei formidabel ildkraft. Forsvarsverka måtte aldri bestå sin prøve i løpet av dei fem krigsåra.

Vern eller riving

Det er lite som er att av dei tyske installasjonane i Stryn. Det var få som såg noko verdi i å verne etter krigen. I tillegg var det stor etterspurnad etter bygningsmateriale. Mange av brakkene vart demonterte og sende der det var behov, og andre bygningar vart tekne ned for materialen si skuld. Nokre av brakkene vart ståande til andre føremål, og var i bruk i mange tiår. Den siste tyskerbrakka i Stryn er framleis i bruk, no som ungdomsherberge. Andre stadar kan ein sjå fundamentet frå vakttårna, murar, trapper og deler av løpegravene som framleis er intakte.

CC BY-NC 4.0 Den tyske garnisonen i Stryn av Endre Bø er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Endre Bø, 2008
Kjelder: Lilleheim, Martin: Stryn under hakekorsflagget. Stryn 2001
Kommune: Stryn