Sidemeny+

Dei atlantiske lyngheiane

Posted on 9. mai 2008 by in Landskap

Kystlyngheilandskapet har vore karakteristisk for naturen langs ytre delar av vestkysten. Landskapstypen vart skapt og drive i eit samspel mellom menneske og natur. Naturtypen har vore viktig for kystfolk frå Lofoten til Portugal i over 5000 år, men i dei siste 100-50 åra har landskapet endra seg radikalt.

Plassering i kart

Beite
Allereie frå yngre steinalder byrja folk å svi skog for å få betre beite. Kystfolket måtte utnytte dei sparsame beiteressursane på best måte, og dette gjorde dei ved å brenne lyng jamleg. Ein menneskeskapt naturtype voks fram, og utegangarsauen fekk sitt heilårsbeite. Dette landskapet var slik med på å danne grunnlaget for jordbruksøkonomien langs vestkysten.

Røsslyng
Den eviggrøne røsslyngen er ei sentral plante i kystlyngheiane. Namnet kjem av det norrøne hross, «hest», då røsslyng vart brukt som hestefor. Planta er hardfør, og trivst godt i sur jord. Røsslyngen har eit stort spenn i veksestader. Den blømer regelmessig, og planta frøar seg lett. Røsslyng var òg viktig i
folkemedisin. Elles vart den nytta til strø under dyra, brensel, brygging av øl og farging av garn.

Korleis dreiv ein lyngheidrift?
Lyngheiane vart brende med eit intervall frå 6-15 år. Dette arbeidet vart utført tidleg om våren, då det endå var frost og væte i jorda. Det var berre dei overjordiske delane som vart brende, slik at næringsdelane under jorda vart tekne vare på. Nye skot voks opp frå stammen, og det vart plass til andre urter og grasartar som gjorde beitet betre. 

På delar av heiområdet vart det gjerne drive lyngslått kvart 3.- 5. år, noko som også bidrog til lyngfornying. Dersom lyngen fekk utvikle seg fritt vart den gamal og lite eigna som beite for husdyra.

Flora og fauna
Lyngheiane er særs artsrike. Ein kan m.a. finne gamle kulturplantar som
legeveronika og kystmaure. Kystlyngheiane byr også på ein rik fauna. Dette kjem fram av eit studie av fuglebestanden på Lygra og Lurekalven i Hordaland. Her vart det observert 63 ulike artar.

Status i dag
Endringar i landbruket har ført til at den eldgamle kulturen no er på veg ut. Lyngheiane gror att, og skogen tek over. Skjøtselen av marka er ikkje sett i system slik som tidlegare. Sjølv om hald av den gamle sauerasen utegangarsauen har auke i omfang langs kysten, er det likevel ikkje tilstrekkeleg for å oppretthalde landskapstypen. Til dette krevst det kunnskap og ei planmessig drift.

Lyngheisenteret
Lyngheisenteret på Lygra er oppretta for å ta vare på kysten sitt kulturlandskap, og for å verne om den kunnskapen og dei tradisjonane som knyt seg til bruken av dette landskapet. Senteret tilbyr m.a. undervisningsopplegg frå småskule til høgskulenivå.

 

 

Litt meir om røsslyngen
Ein treng kunnskap om dei tre fasane til røsslyngen for å kunne drive lyngheidrift. Det er systematikk i når beitet er best, og når det skal brennast/slåast.

1. Pionerfase – nybrend eller ung lynghei. I denne perioden dominerer gras og andre urter. Røsslyngen er låg (under 5 cm) og finst spreitt. Andre vanlege plantar er tytebær, klokkelyng og einstape.Røsslyngen er 1 – 5 (6) år.    

2. Byggjefase – lynghei. Røsslyngen er kortvokst, men dannar mange sideskot. Dette hindrar at andre plantar får lys, og får ikkje vekse fram. Det er i denne perioden planten er godt eigna til fôr. Gras og urter er likevel vanleg i denne fasen. Røsslyngen er 5-15 år.     

3. Degenerativ fase – gamal lyng. Røsslyngen er høg, og stenglane er tjukke. Fôrverdien minkar. Planten bøyer seg utover og slepp inn meir lys. Andre plantar slepp til (furu, bjørk…) Det er sparsamt med gras og urter. Røsslyngen er 15 – 50 år.

Kystlyngheiane er eit døme på korleis eit samspel mellom menneske og natur kan utarte seg. Tv serien «Utanfor Eden» (NRK) set lys på korleis menneske og natur tilpassar seg kvarandre.

CC BY-NC 4.0 Dei atlantiske lyngheiane av Anne Britt Molde er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne-Britt Molde, 2008
Kjelder: Brox, Karl H,: Natur 1995, Tapir forlag, Oslo s. 49-61 Maridal, John Harald: Mangfaldet i naturen, leksjon 02- Lynghei (2003) www.miljolare.no www.lyngheisenteret.no www.wwf.no/bibliotek/wwf_naturfakta/skog/kystlynghei___ truet_naturtype/index.cfm