Sidemeny+

Då keisar Wilhelm var brannsjef

Posted on 5. mai 2008 by in Historie, Krigsminne, Person

Tysdag den 18. juli 1911 kl. 11.00 om føremiddagen braut det ut brann i ein snikkarverkstad i Balestrand sentrum. Verkstaden høyrde til Hans Thue og Bjørn Sande. Verkstaden brann ned til grunnen. Keisar Wilhelm var i Balestrand på denne tid og han hjelpte til med sløkkinga.

Plassering i kart

Gode tider i Balestrand

 

I åra før første verdskrigen var det stor aktivitet i Balestrand. Turiststraumen auka frå år til år. Keisar Wilhelm II sine årvisse vitjingar var god reklame for bygda. Bygda var i vekst og det var gode tider. Ungdomane Bjørn Sande og Hans Thue hadde båe utdanna seg til møbelsnikkarar. Dei hadde og vore utanlands og lært seg faget. Dei meinte at det kunne vere mogeleg å livberga seg som snikkar i Balestrand. I 1911 kjøpte dei ein verkstad i sentrum Balestrand. På grannetomta hadde Kristen Virkesdal nett bygt seg hus der han dreiv bakeri og handel. Han hadde og bygt nytt sjøhus med bryggje.

 

 

Verkstaden brann ned
Tysdag 18. juli 1911 vart ein tung dag for dei unge snikkarane. Kl. 11 om føremiddagen braut det ut brann. Turr snikkarmateriale tok snøgt fyr, og snart var heile bygningen overtent. Avstanden til Virkesdal sin eigedom var ikkje stor. Vinden stod rett mot denne, og ei tid såg det ut til at og denne verksemda skulle gå med i brannen. Då det såg som mørkast ut, fekk dei uventa hjelp.

 

 

Tyske og engelske sjømenn
Ute i Esefjorden låg den engelske turistbåten «Mantua» og det tyske keisarskipet «Hohenzollern». Då folk om bord såg kva som var i ferd med å skje, sende dei hjelp i land. Matrosar frå begge skipa tok med seg sløkkeutstyr og byrja kjempa mot flammane. Det synte seg snøgt at det var umogeleg å berga snikkarverkstaden. Arbeidet vart no konsentrert om å berga huset til Virkesdal. Slangane vart strekte ned til sjøen, og matrosane fekk ordre om å bera ut alt innbu frå huset. Trass i at vinden stod rett på dette huset, makta dei å berga det.

 

 

Keisaren kjem
Kl. 13.30 kom keisaren attende frå Vangsnes der han hadde vore for å sjå korleis det gjekk med arbeidet på fundamentet til den planlagde statuen over Fridtjov den Frøkne. Han kom over med båten «Sleipner» og denne båten gjekk no så nær land som mogeleg. På kommando frå keisaren sjølv vart maskinslangane retta mot brannstaden. Dette letta arbeidet mykje. Seinare gjekk keisaren i land og såg nærare på brannstaden.

 

 

Fest og dans
Folk i bygda var mykje takksame for hjelpa frå engelskmennene og tyskarane. Om kvelden vart det halde ein større fest for offiserar og marinesoldatar frå «Hohenzollern». Ei mengd turistar og bygdefolk møtte opp. Det var dans, song og moro. Bernadotte Nordenstam, svensk tryllekunstnar, var i Balestrand og han synte fram kunstane sine. Kl. 12 var festen slutt og tyskarane gjekk ombord i skipa sine. Sande og Thue bygde ny verkstad på same tomta. Det huset står enno.

 

CC BY-NC 4.0 Då keisar Wilhelm var brannsjef av Bjarnhild Samland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Gunnar Urtegaard, 2000
Klassetrinn: Historikar
Kjelder: Urtegaard, Gunnar:Balestrand II, s. 326 og 352, Balestrand 1991 Sogns Tidend. 22.7, 1911. Sogningen. 21.7.1911. Midtnes, Ola. Intervju Balestrand 1976.
Kommune: Balestrand